Avdelingsdirektør som skal vere nestleiar i Vegseksjonen – Samferdselsdepartementet
Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning(17 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 09-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Avdelingsdirektør som skal vere nestleiar i Vegseksjonen
Om Vegseksjonen
Trygge og effektive vegar er viktig for transport av personar og varer og for kvar folk kan bu og drive næring i Noreg. Vegseksjonen har ansvaret for finansiering, planlegging, bygging, drift og vedlikehald av riksvegane og riksvegferjene våre. Vidare har seksjonen ansvar for etatsstyringa av Statens vegvesen og Vegtilsynet og for oppfølging av utbyggingsavtalane med Nye Veier AS.
Vegseksjonen har eit overordna ansvar for forvaltning av veglovgivinga og delar av yrkestransportlova. Seksjonen har ei omfattande portefølje og jobbar med dagsaktuelle saker som krev brei kompetanse. Vi jobbar tett opp mot politisk leiing i departementet på budsjett- og vegsaker. Det vi gjer har stor merksemd frå styresmakter, media, interesseorganisasjonar og publikum.
Vegseksjonen er ein av tre seksjonar i Veg-, by- og trafikksikkerheitsavdelinga.
Ansvarsområde
Vi søkjer ein avdelingsdirektør som skal vere nestleiar i Vegseksjonen og ha ansvar for å leie seksjonen sitt arbeid med statsbudsjettet, etatsstyringa av Statens vegvesen, av Vegtilsynet og bidrag til Nasjonal transportplan. Du får vere med å vidareutvikle eit område med stor betydning for folk si kvardag, med ambisiøse politiske mål og stor merksemd frå mange aktørar i samfunnet.
Stillinga inneber personalansvar for fem medarbeidarar og fordrar tett samarbeid med leiar av seksjonen. Avdelingsdirektøren inngår i ekspedisjonssjefen si leiargruppe og det er forventa at leiarane i avdelinga tar eit tydeleg medansvar for heilskapleg utvikling, styring og drift av avdelinga.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har
- relevant utdanning på masternivå
- gode leiareigenskapar og gjerne erfaring frå leiing
- erfaring frå statleg budsjettarbeid og etatsstyring
- solid erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne frå departement
- god innsikt i politiske avgjerdsprosessar
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi vil leggje vekt på at du er utviklingsorientert, samarbeider godt med andre og trivast i ein hektisk arbeidskvardag. Du må vidare ha god gjennomføringsevne og kunne lede kompliserte prosessar. Det er ein føremonn med kjennskap til samferdselssektoren.
Den som blir tilsett må kunne få sikkerheitsklarering på nivå HEMMELEG.
Vi tilbyr
- Arbeid med utfordrande, interessante og dagsaktuelle saker i ein sektor som er viktig for folk i heile landet.
- Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer.
- Gode utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg.
- Program for nytilsette med kurs og aktivitetar i løpet av det første året som tilsett.
- Varierte faglege og sosiale tilbod.
- Trivelege lokale i sentrum av Oslo med subsidiert kantine.
- 5 vekers ferie, fleksitidsordning, sommartid, og moglegheit for trening i arbeidstida med tilgang til treningsrom og treningstilbod.
For å lese meir om Samferdselsdepartementet og korleis det er å jobbe hos oss, sjå her: Slik er det hos oss! – regjeringen.no
Stillinga blir lønna som avdelingsdirektør i lønnsspenn frå kr. 996.000 – 1.225.000. Det er i tillegg betalt overtid.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, med gunstig bustadlån og gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her: Statens pensjonskasse.
Les dette før du søkjer
- Vi ber om at du legg ved vitnemål og relevante attestar. Vitnemål frå norske utdanningsstader lastast opp frå Vitnemålsportalen. Utenlandske vitnemål må verte godkjend av direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK dir).
- I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil i tilfelle bli informerte før offentleggjeringa og vil ha moglegheit til å trekkje søknaden.
- Samferdselsdepartementet meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, og oppmodar alle kandidatar med nødvendige kvalifikasjonar til å søkje. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
- Vi oppmodar søkjarar til å krysse av om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Avkryssingane dannar også grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.
Meir informasjon om stillinga
Du kan få nærare informasjon om stillinga ved å kontakte avdelingsdirektør Hans Einar Nerhus på tlf. 905 42 172.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Samferdselsdepartementet orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Samferdselsdepartementet er regjeringa sitt utøvande organ for politikkutforming, forvalting, etatsstyring og eigarstyring innanfor transportsektoren. Samferdselsdepartementet skal bidra til effektive, tilgjengelege, sikre og miljøvennlege løysingar som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjer regional utvikling. |
Webside | https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/stillinger/id468705/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | OSLO (Adresse: Akersgata 59 (R5), Oslo Postnr: 0030) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |