Automatikar/elektrikar – Teknisk, Seashore Industri 

Construction Andre ingeniorer

(2 uker siden)

  • BREMNES
  •  Lagt til dato: 7. november 2024
  •  Expire date: 27. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 07-11-2024
Deadline: 27-11-2024

 

Automatikar/elektrikar

Gjennom fokus på fiskevelferd og kontinuerleg satsing på innovasjon og ny teknologi i alle ledd i produksjonsprosessen, har vi gått i bresjen for å heve kvaliteten på norsk oppdrettslaks. Resultatet er merkevarer som er etterspurde over heile verda. For å halde oss i tet treng me stadig påfyll av nytenkande og engasjerte medarbeidarar.

Vi har bygd ut foredlingsfabrikken vår, noko som gjer oss i stand til å produsera større volum ved å nytte moderne og berekraftige produksjonsmetodar, samstundes som me aukar verdiskapinga og ringverknadane frå drifta vår. Vi har derfor behov for å styrke teknisk avdeling, og søkjer nå etter ein omgjengeleg, teknisk interessert og dyktig fagperson. Som teknikar vil du vere ein viktig del av vedlikehaldsteamet vårt som sørger for drifta ved fabrikkanlegget i Øklandsvågen.

Verdiane våre er utvikling – truverd – arbeidsglede.

Arbeidsoppgåver

  • dagleg vedlikehald, reparasjonar og førebyggande vedlikehald på teknisk utstyr
  • sikre høg oppetid på prosessavdelinga, samt minimere driftsstans
  • oppfølging av avdelinga sitt vedlikehaldssystem

Stillinga inngår i skiftordning ved teknisk avdeling

Kvalifikasjonar

  • teknisk fagbrev (automatikar, elektrikar, mekanikar, automasjonsmekanikar e.l.)
  • relevant arbeidserfaring
  • fokus på HMS og kvalitetsarbeid
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • arbeidsam, strukturert og sjølvgåande
  • gode evner til å prioritera i både travle og rolege periodar
  • nysgjerrig på korleis maskinar og prosessar fungerer
  • skapar godt samarbeidsklima og bryr deg om arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • ei spennande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
  • konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • firmahytter i Røldal, Voss og Spania

 

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju forløpande. 

Kontaktinformasjon

Kjell Gunnar Mathiassen, Teknisk sjef, +47 97545178

Arbeidsstad

Øklandsvegen 90
5430 BREMNES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremnes Seashore

Referansenr.: 4882883598
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Teknisk, Seashore Industri  orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside http://www.seashore.no/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BREMNES (Adresse: Øklandsvegen 90 Postnr: 5430)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3fb00279-8d24-42f5-b837-9a2fb4336f38
IMPORTAPI