Stillingsbeskrivelse
Published 28-10-2024
Deadline: 28-11-2024
Automatikar
Helse Bergen er ein unik arbeidsplass med eit enormt spekter av automasjonssystem, maskinar, infrastruktur og moglegheiter for personleg utvikling.
Maskinseksjonen er ein av dei mest kritiske, drift-tekniske seksjonane i Helse Bergen. Seksjonen handterer alt av roterande maskineri og energiproduserande utstyr. Seksjonen drifter og vedlikeheld nødgeneratorar, fyrkjelar, varmepumpesystem og mykje anna mekanisk utstyr. Dette er verkeleg ein tverrfagleg kompetansedrive seksjon. Seksjonen har ein sentral rolle i drifta og oppretthaldelse av sjukehuset sine tenester. Grunna eit tverrfagleg behov for styring og kontroll av infrastrukturen, er det no eit stort behov for ein Automatikar i dette kompetente fagmiljøet.
Vi søker difor ein dyktig og engasjert automatikar til vårt team.
Arbeidsoppgåver
- Utføre vedlikehald, feilsøking og reparasjon av automatiserte system og utstyr
- Delta i installasjon og oppgradering av automatiseringsløysingar
- Samarbeide med ingeniørar og andre fagfolk for å optimalisere byggautomasjon
- Ny infrastruktur vil innehalde: AGV`er, robot & Automatiserte logistikksystem
- Dokumentere arbeid og oppdatere tekniske teikningar og manualar
- Gode samarbeidsevner på tvers av andre fagområder
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som automatikar eller tilsvarande utdanning
- Erfaring med PLS-programmering og automatiserte system
- Gode kunnskapar i elektro og mekanikk
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og problemløysingsevner
- Ansvarsfull og påliteleg med kundeorientert fokus
- Gode kunnskapar om HMS og kvalitet
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn og gode arbeidsvilkår
- Moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning
- Eit dynamisk og inkluderande arbeidsmiljø
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Betalt lunsj
- På sikt: vaktordning med god kompensasjonsordning
- På sikt: utdanning innafor energisystem (kjelpassar sertifikat)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Roald Fosse, Seksjonsleiar, 55974916
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4867456392
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Drift/teknisk divisjon, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Elektriker/elektro |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 28-11-2024 |