Stillingsbeskrivelse

Published 20-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Assisterande styrar/barnehagelærar

Om stillinga:

Det er frå 01.01.2025 ledig stilling som assisterande styrar/barnehagelærar i  100 % stilling, i Furuli barnehage, Kaupanger.  Stillinga blir delt i 60% administrasjon og 40% barnehagelærar. 

 

Arbeidsoppgåver:

Assisterande styrar har i samarbeid med tenesteleiar ansvaret for drift av barnehagen, og er saman med tenesteleiar representant for barnehagen og for verksemda. Assisterande styrar har ansvar for at barnehagen føl gjeldande lover og forskrifter, med særleg vekt på at barnehagen skal gi barna eit trygt, allsidig og godt oppvekst – og utviklingsmiljø. Assisterande styrar er ein del av barnehagen si personal- og administrative faglege leiing.   

Stillinga som barnehagelærar vil i hovudsak vera knytt til vikar på avdeling.   

 

Kvalifikasjonar: 

  • Utdanning som barnehagelærar, evt. anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.   
  • Ynskjeleg med tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon, evt. anna relevant tilleggsutdanning/erfaring.  
  • Beherska relevante og gode IKT-verktøy og system  
  • Krav om god skriftleg og munnleg norskkunnskapar  
  • Krav om politiattest  av nyare dato  

 

Personlege eigenskapar: 

  • Engasjert, positiv, fleksibel og løysningsorientert 
  • Gode evner til både å arbeide sjølvstendig og å samarbeida 
  • God relasjonskompetanse 
  • Gode evner til skriftleg og munnleg dokumentasjon 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Gode velferdsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Furuli barnehage orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted KAUPANGER (Adresse: Dalkupvegen 3 Postnr: 6854)
Stillingstype Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/067d4ee1-2389-4157-9c69-60455f8ea078
IMPORTAPI