Stillingsbeskrivelse

Published 20-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Assisterande seksjonsleiar- vikariat på Kompleks Rehabilitering Sandviken

Vi har ledig vikariat som assisterande seksjonsleiar i 100% stilling frå 17. mars til 31.12.2025. Stillinga er på dagtid, 37,5 timers veke.

Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar som gir eit tilbod til to ulike pasientgrupper. Seks av plassane er for personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar som til dømes rus og personlegheitsforstyrringar, medan to plassar er for personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.

Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, der teamet består av mellom anna psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar. Fokus er på å bygge relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien inkluderer systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet), stimulering av interesser, og bruk av sanserom for kjensleregulering. Som ein del av behandlingstilbodet tilbyr vi også musikkterapi, som ein metode for å støtte pasientane i uttrykk for kjensler, fremje sjølvkjensle og bidra til meistring i kvardagen. 

Seksjonen legg òg stor vekt på fysisk helse, med tilgang til fysioterapeut treningsfasilitetar som gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt i behandlinga.

Arbeidsoppgåver

Assisterande seksjonsleiar har saman med seksjonsleiar: 

  • medansvar for forsvarleg drift av seksjonen
  • medansvar for å utvikle det sjukepleie- og vernepleiefaglege arbeidet i seksjonen
  • medansvar for ivaretaking av personalet
  • ansvar for arbeidstidsplanlegging/bemanning
  • medansvar for godt samarbeid internt med andre seksjonar og eksternt med DPS/kommune
  • delta i avdelinga sitt leiarteam og vera stedfortredar for seksjonsleiar

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Relevant vidareutdanning er ønskeleg
  • Relevant sjukehus- og/eller leiarerfaring er ønskeleg
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av etatar og yrkesgrupper er ønskeleg 

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst/sjølvstendig
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Engasjert
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Må vere personleg eigna til arbeidet              

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Susanne Karlsen, Seksjonsleiar, 55975752

Arbeidsstad

Hatleveien 7D
5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4888266127
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.03.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen orgnr: 974557738
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted BERGEN (Adresse: Hatleveien 7D Postnr: 5038)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 17-03-2025
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d0c94a8b-d737-4c77-902b-3917d2e9fb1f
IMPORTAPI