Assisterande seksjonsleiar – Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Tidleg psykose Sandviken (TPS), Helse Bergen
Health and social care Leder innenfor helsetjenester(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 11-12-2024
Deadline: 23-12-2024
Assisterande seksjonsleiar
Ønskjer du nye utfordringar? Vi har ledig fast stilling som assisterande seksjonsleiar ved seksjon tidlig psykose. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø, der du kan få nytte den faglege og leiarmessige/administrative kompetansen du har tileigna deg.
Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) er ein av seks avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er lokalisert på Sandvikenområdet. Øvrige avdelingar i psykiatrisk klinikk er Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling Stemningslidelser (ASL),
Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS), Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin.
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Avdeling tidleg psykose skal gje tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling til unge menneske i alderen 15-30 år. TPS gjev tilbod til unge nysjuke med både rusproblem og dei utan. Desse to pasientgruppene er delt inn i to fysisk åtskilde område/ grupper.
Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å leggje til rette for forsking. TPS har 15 (7 + 8) sengeplassar. Sjukepleiar/vernepleiar, helsefagarbeidar/hjelpepleiar inngår i tverrfagleg team, saman med psykiater, psykologspesialist/psykolog, sosionom. Treningsterapeut bidrar til å leggje til rette for fysisk aktivitet. Seksjonen har også erfaringkonsulent.
Som assisterande seksjonsleiar vil du få gode moglegheiter til å vere med å påverke og utvikle tilbodet til pasientar med psykose lidelser. Du vil som assisterande seksjonsleiar få eit spesifikt ansvar knytta til fagutvikling i seksjonen. Stillinga vil og gi deg ein unik moglegheit til å byggje erfaring
innanfor administrasjon og leiing.
Arbeidsoppgåver
- Stedfortreder for seksjonsleiar
Utføre delegerte oppgåver frå seksjonsleiar, nærare beskreve i stillingsspesifikke oppgåver
Saman med seksjonsleiar og fagleg ansvarleg sørgje for god drift av seksjonen
Handle innanfor gjeldande lover, forskrifter, avtalar og interne føresegner, herunder etiske retningslinjer og internkontroll
Medansvar for dagleg drift av seksjonen
Delta i og følgje opp seksjonens forbetringsarbeid, forbetringsundersøkinga kvalitet- og pasientsikkerheitsarbeid og HMS-arbeid
Pådrivar for fag- og kompetanseutvikling i seksjonen
Planleggje og leggje til rette opplæring, oppfølging og evaluering av nytilsette og studentar
Bidra i seksjonens kliniske arbeid
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar/ vernepleiar må ha norsk autorisasjon
Relevant vidareutdanning innan psykiatri eller rus/ psykiatri
Fordel med erfaring innan leiing
Relevant erfaring frå sjukehus/ psykiatri er ønskjeleg
Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du arbeider strukturert, effektivt og målretta
Du kommuniserer godt med dei rundt deg
Du er opptatt av samarbeid og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre
Du er lojal til vedtatte avgjerder og opptatt av gode arbeidstilhøve
Du er fleksibel, løysingsorientert og trivast med varierte utfordringar
Du er engasjert i arbeidet
Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
– Gode pensjeonsog forsikringsordninger
– Høgt fagleg nivå
– Godt arbeidsmiljø
– Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Mjøs Kristiansen, Seksjonsleiar, 55 958827, cathrine.mjos.kristiansen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4894057083
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Tidleg psykose Sandviken (TPS), Helse Bergen orgnr: 975326349 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Leder innenfor helsetjenester |
Sted | BERGEN (Adresse: Sandviksleitet 1 Postnr: 5036) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 23-12-2024 |