Stillingsbeskrivelse

Published 20-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Assisterande fagdirektør, somatiske helsetenester

Ønsker du å bidra til å vidareutvikle ei sterk offentleg spesialisthelseteneste med gode og likeverdige helsetenester for somatiske helsetenester på Vestlandet?

Det regionale helseføretaket Helse Vest RHF skal utøve eit godt eigarskap til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er 92 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er om lag 37 milliardar kroner. Me held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.

Helse Vest RHF søkjar ein assisterande fagdirektør som vil få hovudansvar for å følgje opp somatiske helsetenester. Du bør ha høg fagleg integritet, vere ein offensiv, leveransedyktig og samarbeidsorientert leiar som vil vere premissgjevar for- og leia strategiske prosessar, i tillegg til å ville bidra til at Helse Vest RHF når måla og løyser oppdraga til pasientens beste.

Vi forventar at du har solid fagleg kapasitet og evne til å skape tillit, samarbeid og samhandling for heile føretaksgruppa Helse Vest,  i dialog med medarbeidarar, brukarar og med andre samarbeidspartnarar regionalt og nasjonalt.

Du har utdanning som lege, er godkjent spesialist innanfor eit av dei somatiske fagområda og har brei erfaring frå spesialisthelsetenesta. Interesse for kvalitetsforbetring, beste praksis og pasienttryggleik er ein føresetnad, saman med vilje til å finne gode løysingar og samhandlingsformer regionalt og nasjonalt. Dette krev at du er analytisk, tenker heilskapleg og at du er ein god relasjonsbyggar som forstår, verdset og kan leie omfattande prosessar med god medverknad. Det er ei viktig rolle som inneber forståing av eit viktig samfunnsoppdrag som for oppgåvene i dag og for spesialisthelsetenesta på Vestlandet for framtida.

Assisterande fagdirektør rapporterer til fagdirektør. Fagavdelinga har 17 medarbeidarar. Assisterande fagdirektør vil ha personalansvar for ein del av dei tilsette i avdelinga. 

Arbeidsoppgåver

Viktige strategiske arbeidsoppgåver for vår nye assisterande fagdirektør vil mellom anna vere:

  • Bidra til å utvikle den faglege kvaliteten og den riktige kapasiteten på tenestetilbodet i regionen i samarbeid med fagmiljøa i sjukehusa på Vestlandet.
  • Bidra til å vidareutvikla samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunane, mellom helseføretaka i regionen og mellom dei regionale helseføretaka.
  • Legge til rette for at dei overordna måla for helsetenesta fram mot 2035 og 2040 blir nådd. Leie og gjennomføre strategisk prioriterte oppdrag for dei somatiske fagområda.
  • Leie arbeidet i avdelinga for dei somatiske fagområda og delta i leiargruppa i Fagavdelinga. 

Kvalifikasjonar

Vi ønsker du har ein bakgrunn som dette:

  • Cand.med.
  • Leiarerfaring frå spesialisthelsetenesta.
  • Erfaring med forsking, innovasjon eller anna kvalitetsutvikling.
  • Evne til å forstå samanhengen mellom fag, økonomi, politikk og strategisk utvikling.
  • God forståing for teknologi, digitaliseringsprosessar.

Personlege eigenskapar

For å lykkast og trivast i rolla bør du mellom anna ha følgande personlege eigenskapar:

  • Tryggleik og robustheit i leiarrolla.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.
  • Strukturert og systematisk.
  • God strategisk forståing, evne til å skaffa oversikt og sjå heilskapen.
  • Evne til å omsetja strategiske mål gjennom konkrete tiltak.
  • Har fagleg og personleg integritet og kapasitet til å vere modig og uthaldande.

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
  • God pensjonsordning og moglegheit for lån i KLP.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Konkurransedyktige vilkår.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Bjørn Egil Vikse, Fagdirektør, 992 50 064

Arbeidsstad

Knud Holms gate 8
4005 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest RHF

Referansenr.: 4885355222
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Vest RHF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.

 Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 37 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.

Webside https://candidate.webcruiter.com/nn-NO/Home/companyadverts?companylock=51961&link_source_id=0#search
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted STAVANGER (Adresse: Knud Holms gate 8 Postnr: 4005)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d02d2860-209d-4cda-ae70-32a55a7593ca
IMPORTAPI