Assisterande direktør – Havforskningsinstituttet

IT Ledere av ikt enheter

(22 timer siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 3. oktober 2024
  •  Expire date: 27. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 03-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Assisterande direktør

Om stillinga

Noreg har høge ambisjonar om vekst i havnæringane. Samtidig er det uttalt at vi skal forstå klima- og miljøendringane og korleis dei påverkar dei marine økosystema. 

Ei slik tilnærming fordrar ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning av dei norske kyst- og havområda. Her spelar Havforskingsinstituttet ei heilt sentral rolle som leverandør av kunnskap, råd og datatenester til forvaltinga spesielt og samfunnet generelt. 

Havforskingsinstituttet står i ei rivande utvikling. Vi hentar fart frå den digitale transformasjonen og tyngde frå det vitskaplege arbeidet vårt. Det handlar om nye måtar å arbeida på, effektiv ressursutnytting og berekraftige løysingar både for dei vi rådgjev og vår eigen aktivitet. Målet er å styrka og vidareutvikla kjerneverksemda vår slik at Havforskingsinstituttet også framover er den føretrekte kunnskapsleverandøren for hav.

Havforskingsinstituttet skal tilsetja ein assisterande direktør som – i tett samarbeid med havforskingsdirektøren – skal koordinera og sikra framdrift i desse endringsprosessane på tvers av heile verksemda. Den vi tilset skal virka i skjeringspunktet toppleiarstøtte, prosjektoppfølging og organisasjonsutvikling. Vi er på jakt etter deg som både klarar å levera undervegs og å ha overblikk over tid. Du er såleis målretta og har høg gjennomføringsevne, men evnar også å sjå eigen innsats i ein større samanheng. 

Havforskingsinstituttet har 1100 tilsette og ein omsetnad på 1,7 milliardar kroner. Vi er organisert i ei matrise med tverrfaglege forskings- og rådgivingsprogram. Assisterande direktør blir viktig for å sikra god og effektiv samhandling mellom avdelingar, grupper og seksjonar. Vi søkjer såleis ein leiartype som fremjar tillit og samarbeid, som tenkjer nytt og heller ikkje er redd for å bli utfordra.  Du står trygt også når det stormar litt.

Sentrale ansvars- og arbeidsoppgåver

  • bidra til heilskapleg verksemdsplanlegging, oppfølging og måloppnåing 
  • koordinera og sikra framdrift i prosjekt og endringsprosessar på tvers av heile instituttet
  • operasjonalisera prosessar og bidra til gode samarbeidsstrukturar
  • vera pådrivar for god og effektiv samhandling mellom linjeansvar, program/grupper /prosjekt og støttefunksjonar

Andre oppgåver enn dei som er nemnde ovanfor kan bli pålagde ved behov. 

Arbeidsstad er Bergen. Noko reiseverksemd må påreknast. 

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning frå universitet eller høgskule med relevant fagkrins, fortrinnsvis mastergrad 
  • solid leiarerfaring med dokumenterbare, gode resultat, gjerne frå FoU-sektoren
  • bidratt til og gjennomført endringsprosessar, gjerne frå matriseorganisasjon
  • forståing for korleis forskingsverksemder vert administrert og styrt 
  • erfaring med budsjettering, nøkkeltal og rapportering
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk 

I tillegg er det ein fordel med:

  • erfaring frå FoU-administrasjon og -støttefunksjonar herunder eksternfinansiering, forskingsinfrastruktur og forskarutdanning
  • erfaring med digital transformasjon og andre effektiviseringsprosessar 

Personlege eigenskapar som vert vektlagde

  • du er strukturert, effektiv og har god heilskapsforståing 
  • du er ansvarsfull og tillitsvekkjande 
  • du kommuniserer og samarbeider godt, er lyttande og har gode sosiale og relasjonelle evner 
  • du er målretta og har høg gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • arbeid i ein leiande forskingsinstitusjon, med stor samfunnsmessig verdi
  • eit spanande og solid fagmiljø
  • offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • bedriftshytter
  • bedriftsidrettslag

Inkludering, mangfald og positiv særbehandling

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.

Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.

For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.

Ytterlegare informasjon

Stillinga blir løna i stillingskode 1061 assisterande direktør, med utgangspunkt i brutto kr 1 000 000 – 1 200 000 ut frå kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. 

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos direktør Nils Gunnar Kvamstø på tlf. 412 68 923. Interesserte kan også ta kontakt med vår rådgivar Anne Lene Saksum Haagestad frå Cruit på tlf.  901 11 285. Sjå også nettsida vår www.hi.no. 

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedt om å vera unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Havforskningsinstituttet orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Havforskingsinstituttet er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

 

Webside http://www.hi.no
Bransje IT
Yrke Ledere av IKT-enheter
Sted BERGEN (Adresse: Postboks 1870, Nordnes Postnr: 5817)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/95b663db-9081-4b1b-b27b-eff1c33c507e
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268815