Stillingsbeskrivelse

Published 08-12-2024
Deadline: 24-12-2024

 

Assistent til fast helgestilling alderspsykiatri

Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har to avdelingar som er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Avdeling spiseforstyrringar. Seksjonen er organisert under avdeling psykosomatisk medisin. 

Seksjon for alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er nær samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, og psykiatrisk sjukdom og  biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, psykose, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand.

Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar. Seksjonen har i tillegg polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen er no lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus. 

Seksjonen har frå Januar 2025 ledig to 15% og tre 21% faste stillingar for pleieassistent med arbeid pt. i todelt turnus kvar 3.helg.

Arbeidsoppgåver

  • Psykiatrisk og somatisk ppfølging av pasientar i tråd med eksisterande behandlingsplanar
  • Legge til rette for aktivitetar og delta i desse saman med pasientane
  • Praktiske oppgåver knytta til dagleg drift 

Kvalifikasjonar

  • Student i utdanningsforløp innan sjukepleie, psykologi, medisin eller andre helsefagutdanningar er eit minimumskrav. Sjukepleiarstudentar blir oppmoda om å søke. 
  • Erfaring frå helsearbeid med pasientkontakt innan geriatri/psykiatri er ein fordel
  • Må meistre norsk flytande, munnleg og skriftleg. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
  • God IKT-kompetanse
  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga spesielt med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort
  • Søker aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetansegrense
  • Arbeider strukturert, men har samstundes evne til å vere fleksibel

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande, tverrfagleg kollegie med spesialisert fagkompetanse
  • Kurs i MAP (møte med aggresjonsproblematikk)
  • Moglegheit for oppbygging av unik erfaringskompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Stue Børhaug, Seksjonsleiar, 45246187, cathrine.stue.borhaug@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4894565244
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 24.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykiatrisk klinikk/ Psykosomatisk medisin/ Seksjon for alderspsykiatri, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4df51e38-7524-40e1-a735-65ab99afd8ac
IMPORTAPI