Assistent – sommarvikariat sterilforsyning – Kirugisk serviceklinikk/ Sterilforsyning og støtteavdeling, Helse Bergen HF
(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-03-2025
Deadline: 03-04-2025
Assistent – sommarvikariat sterilforsyning
Sentraloperasjonsavdelinga er ein del av Kirurgisk serviceklinikk. Avdelinga er ca 3000 m2 stor og har 20 operasjonsstover. Som reinhaldsassistent i vår avdeling vil du få arbeide med eit spesielt reinhald kor hygiene er svært viktig. Avdelinga har eit godt tverrfagleg miljø med eigen fagassistent stilling.
Det er arbeid i todelt skift. Arbeidstida er frå 08.00-15.30 og 15.00-22.00. Arbeidstid i helg: 12.30-19.00.
Vi søker etter 2 sommarvikarar i perioden frå 02.06. til 17.08.2025.
Søknadar blir behandla fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Generell reingjering av fellesareal, garderobar, toalett og tilsyn
- Reingjering og desinfisering av operasjonsstover med tilstøytande rom
- Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
- Nye oppgåver kan tilkomme og/eller bli endra i takt med sjukehuset si utvikling og behov. Vi sørver ulike einingar innad såvel som utanfor sentraloperasjonen
Kvalifikasjonar
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Må ha kjennskap til moderne reinhald
- Opplæring vil bli gitt
Personlege eigenskapar
- Må vere nøyaktig og ansvarsbevisst
- Ha høg arbeidsmoral og gode samarbeidsevner
- Må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Monica Alexandra Parreiras Lopes, Seksjonsleiar, 55970680
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4941079003
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 03.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kirugisk serviceklinikk/ Sterilforsyning og støtteavdeling, Helse Bergen HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Feriejobb Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-06-2025 |
Søknadsfrist | 03-04-2025 |