Assistent i privat bustad – Haram omsorgstenester, Haram kommune

Education Grunnskole

(2 uker siden)

  • BRATTVÅG
  •  Lagt til dato: 22. juni 2024
  •  Expire date: 7. juli 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 22-06-2024
Deadline: 07-07-2024

 

Assistent i privat bustad

Haram kommune søker etter ein assistent i 40% stilling, for tida tilknytta Heimetenesta Ytre Haram. Stillinga er på dagtid, og arbeidstid er fordelt over 2-3 dagar per veke.  Arbeid er assistent til brukar i privat bustad, og arbeidstid må vere delvis fleksibel etter brukars behov. 

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommuna sine BPA ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i våre avdelingar, fokuserer på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. 

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Bistand til personleg hygiene
  • Bistand til forflytning og trening
  • Bistand og tilrettelegging til gjennomføring av dagelege gjeremål

Kvalifikasjonar

  • Ingen formelle utdanningskrav.
  • Gode norskferdigheter munnleg og skriftleg.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Godt humør og positiv framtoning.
  • Evne til å motivere.

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Grete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 46866467, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Storgata 20
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4826307465
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 07.07.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Haram omsorgstenester, Haram kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted BRATTVÅG (Adresse: Storgata 20 Postnr: 6270)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/02e975ca-dfe0-4a2d-bb3f-e8b800eabeb4
IMPORTAPI