Assistent/ Barne- og ungdsomsarbeidar – Vognstølen barnehage, Helse Bergen
Education Barnehage og skolefritidsassistenter(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 12-11-2024
Deadline: 24-11-2024
Assistent/ Barne- og ungdsomsarbeidar
Helse Bergen eig og driv fire barnehagar med til saman 250 plassar. Tre av barnehagane ligg nær Haukeland universitetssjukehus og ein barnehage ligg ved Sandviken sjukehus. Vårt satsingsområde er Livsmeistring og helse, der vi legg til rette for at barna utviklar sunn fysisk og psykisk helse. Vi er anerkjennande vaksne som legg stor vekt gode relasjonar og ein god barnehagekvardag.
Vi har ledig følgande stilling: 100% fast stilling i Vognstølen barnehage frå 01.01.2025. Vi søker ein stabil fagleg og trygg assistent/barne- og ungdomsarbeidar som er motivert for nye utfordringar.
Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein aktiv bidragsytar i barnehagen
- Gi omsorg og ta aktivt del i leik og omsorg med barna
- Medansvar for å skape eit godt psykososialt miljø for barna
- Medansvar for eit godt samarbeidsklima
- Bidra i praktiske arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid i barnehage vil vere ein fordel
- Gode evner til kommunikasjon på norsk, både skriftleg og munnleg
- Barne- og ungdomsarbeidar må legge fram godkjend vitnemål
Personlege eigenskapar
Vi søker etter ein medarbeidar som:
- viser interesse og engasjement i arbeid med barn
- viser respekt for barn og har evne til å sjå det einskilde barnet sitt behov
- er leiken, nysgjerrig og utforskande i lag med barna
- har evner til å ta ansvar og har oversikt over heile barnegruppa
- har stor arbeidskapasitet og evne og vilje til samarbeid
- er påliteleg, imøtekommande og løysingsorientert
- er stabil, fleksibel og omsorgsfull
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Ein variert, spennande og engasjerende arbeidsdag
- Triveleg arbeidsmiljø med imøtekommande medarbeidarar
- Fokus på fagleg og personleg utvikling
- Stabile barnegrupper
- Lønn iht. gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gerd Bakken, Styrar, 55 97 49 48
Arbeidsstad
Haukelandsveien 38
5096 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4880132153
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vognstølen barnehage, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 38 Postnr: 5096) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 24-11-2024 |