Stillingsbeskrivelse

Published 19-06-2024
Deadline: Snarest

 

Assistent/barne- og ungdomsarbeidar søkjast!

Ålhus Barnehage har ledig stilling som assistent/barne- og ungdomsarbeider i 100% fast stilling.

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som er

  • målretta og engasjert i jobben du gjer

  • sjølvstendig men samstundes god i team

  • utviklingsorientert og samfunnsbevisst

  • fleksibel, har gode samarbeidsevner og tør å ta ansvar og initiativ

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver i barnehagen er

  • vere ein trygg og forutsigbar vaksen som bidreg i leik og læring saman med borna

  • bidra i planleggings- gjennomførings- og evalueringsfasen av det pedagogiske arbeidet

  • vere nysgjerrig og interessert i borns kvardag og utvikling, og stette dei ulike individa der dei treng det

Vi tilbyr

  • ein trygg og god arbeidsplass, med gode kollegaer og spanande kvardagar.

  • løn i samsvar med PBL sine tariffavtaler.

  • innhaldsrike og varierte dagar som du i stor grad får vere med og påverke sjølv.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ålhus Barnehage Sa orgnr: 973458124
Kort om arbeidsgiver

Ålhus Barnehage er ein eittavdelings barnehage lokalisert på Ålhus i Jølster. Vi er private og foreldreeigd. Det vil seie at vi har eit styre beståande av føresette som held årsmøte og er med på å sikre den økonomiske drifta av barnehagen.

Vi har 24 plassar og 5 tilsette. Barnehagen held til i eige lokale i grendahuset Borgja. Vi er opptekne av å bruke nærmiljøet og naturen, og vi er ute kvar einaste dag. Vi jobbar for samhald, fellesskap og set den frie leiken i høgsetet — leik er læring!

Vi set borna sine ynskjer og interesser i fokus — og vi har som mål å gje forutsigbare og samstundes spanande dagar.

Vi håpar å høyre frå deg!

Webside https://alhus.barnehage.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted VASSENDEN (Adresse: Ålhusvegen 543 Postnr: 6847)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse 05-08-2024
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b5ee9a0c-c58d-4d1b-b3c7-3fc4793a8baf
Stillingsregistrering