Assistent – 63% mellombels – Sagstad skule – Alver kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(4 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 25-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Assistent – 63% mellombels – Sagstad skule
Om stillinga
Sagstad skule har frå 01.01.2025 ledig ei mellombels stilling som assistent i 63% stilling fram til 31.07.2025. Det er og rom for å auke stillinga ved å jobbe som tilkallingsvikar i SFO.
Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull person som kan bistå elevar med personleg assistanse, slik at dei kan delta i opplæringa og få eit tilfredsstillande utbytte av skulekvardagen.
Sagstad skule er ein barneskule som ligg nær Frekhaug senter, på søre del av Holsnøy i Alver kommune, med god kollektivtransport til og frå Bergen. Skulen har 468 elevar fordelt på 24 klassar, og eit personale på om lag 70 tilsette. Me har eit stort fokus på inkluderande læringsmiljø og trivsel for både elevar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet som assistent vil variere og vere knytt til praktisk hjelp og bistand som:
- Hjelp til å følgje med i opplæringa og i skulefaglege aktivitetar.
- Støtte under sosiale aktivitetar i friminutta.
- Assistanse med kommunikasjon, flytting, bering av sekk og utstyr.
- Hjelp med praktiske behov som av- og påkledning, måltid og toalettbesøk.
Arbeidsoppgåvene vil vere tilpassa behova til den enkelte eleven og krev fleksibilitet.
Ønskt kompetanse
Vi ønskjer ein søkjar som:
- Har erfaring frå arbeid med barn eller elevar i skulekvardagen.
- Er omsorgsfull, tålmodig og god på å bygge relasjonar.
- Kan arbeide sjølvstendig, men òg samarbeide godt med lærarar og andre tilsette.
- Har evne til å sjå kvar enkelt elev sine behov og tilpasse seg situasjonen.
- Har moglegheit til å tiltre stillinga raskt
Tidlegare erfaring med liknande arbeid er ein fordel, men personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Vi tilbyr
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
- Moglegheiter for å bidra til utvikling av ein spennande og viktig rolle i skulekvardagen.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | FREKHAUG (Adresse: Sagstadvegen 76 Postnr: 5919) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-12-2024 |