Assistent 60% fast på Lerketunet – Alver kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 13-03-2025
Deadline: 04-04-2025
Assistent 60% fast på Lerketunet
Om stillinga
Vi har ledig fast 60 % stilling som assistent i turnus med arbeid kvar 2. helg på Lerketunet. Vi ønskjer tiltreding i stillingane snarast råd.
Om avdelinga
Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse.
Lerketunet er ei avdeling for dei som lever med demens, her er 12 plassar. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Som tilsett hos oss vil du få faglege utfordringar med komplekse sjukdomsbilete. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar. Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.
Arbeidsoppgåver
Som assistent er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie. Du inngår i det tverrfaglege samarbeidet mellom sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege med fleir.
Kompetansekrav
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Ønskelig med erfaring frå helse og omsorg.
Kven er du?
Vi søkjer etter assistent som har eit genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil væra med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kolleger. Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø og har fokus på samarbeid. Du er ein sjølvstendig medarbeidar, har eit godt fagleg fokus, og er samvitsfull i di utøving av yrket.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune……
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | FREKHAUG (Adresse: Havenvegen 12 Postnr: 5918) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 04-04-2025 |