Stillingsbeskrivelse

Published 06-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Arkivmedarbeidar – prosjektstilling (konsulent/spesialkonsulent)

Vi har ledig prosjektstilling i to år som arkivmedarbeidar på Leikanger i Sogndal kommune. Arbeidsoppgåvene er knytt til eldre og avslutta kommunale arkiv, som skal sikrast, ordnast, bevarast og formidlast.

Kommunearkivordninga i Vestland yter rådgjevingstenester og er arkivdepot for Vestland fylkeskommune og kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dei neste åra skal vi ta imot store mengder papirarkiv frå medlemskommunane våre i nytt arkivbygg på Leikanger. Vår nye prosjektmedarbeidar vil gå inn som ein ekstra ressurs i denne perioden. Arbeidsoppgåvene er varierte, og vil til ei kvar tid bli styrt utifrå behovet i organisasjonen.

Vestland fylkeskommune er vertskap for Kommunearkivordninga, og saman med fagområda privatarkiv, foto, tradisjonsmusikk, stadnamn og digital kultur utgjer vi ein stor arkivseksjon med over 20 tilsette, dei fleste på Leikanger. Fylkeskommunen bevarer og formidlar ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er knytt til eldre og avslutta kommunale arkiv, som skal sikrast, ordnast, bevarast og formidlast.

Oppgåver som ligg til stillinga:

  • Ordning og registrering av arkiv 
  • Digitalisering
  • Muggsanering
  • Ein del fysisk arbeid i samband med mottak av arkiv og plassering av dette i arkivdepot
  • Ekspedering av innsynsførespurnader 
  • Formidling av arkiv
  • Arbeid med det elektroniske fagsystemet vårt, Asta

Den som vert tilsett må vere førebudd på å utføre andre arbeidsoppgåver knytt til dagleg drift.  

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Minst 3 år relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Relevante fagområde kan til dømes vere arkiv, dokumentasjonsforvalting, historie, kulturvitskap, samfunnsfag, informasjonsvitskap med fleire. Kravet om bachelorgrad kan fråvikast dersom du har relevant realkompetanse. 
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

I tillegg til dette ønskjer vi vi at vår nye medarbeidar har: 

  • Interesse for arbeid med arkiv og historie
  • Erfaring frå liknande arbeid 
  • God ikt-kompetanse
  • Kunnskap om kommunal forvalting og arkiv
  • Erfaring med skriftleg kjeldemateriale
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

Vi er på jakt etter deg som likar å arbeide sjølvstendig, effektivt og målretta over tid. Du må vere nøyaktig og ha sans for detaljar og systematikk. Vi vil også legge vekt på engasjement, kreativitet, samarbeidsvilje og formidlingsevne. 

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • Gode forsikrings og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Kontaktinformasjon

Sigrun Espe, leiar, 99044666

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4864490546
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver KFO – Kommunearkiv, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside https://vestlandfylke.no/arkiv
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Museum, bibliotek, arkiv
Sted LEIKANGER (Adresse: Askedalen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b3c5aea7-1dd2-4a66-96b2-0d9c6af71961
IMPORTAPI