Stillingsbeskrivelse
Published 06-11-2024
Deadline: 22-11-2024
Arkivar
Er du ein dyktig arkivar?
I so fall har Diskrimineringsnemnda no ledig ei fast 100 % stilling som arkivar som kanskje kan interessere deg!
Diskrimineringsnemnda er eit nasjonalt domstolsliknande klageorgan. Nemnda avgjer saker om diskriminering, trakassering og gjengjelding, inkludert saker om seksuell trakassering og gjengjelding etter varsling. I tillegg til å avgjere om regelverket er brote, kan nemnda tilkjenne erstatning og oppreisning, fatte pålegg om retting med tvangsmulkt, og gje hastepålegg. Arkivtenesta i nemnda omfattar arkivleiaren vår og den aktuelle utlyste arkivarstillinga. I tillegg vil administrasjonskoordinatoren vår kunne avlaste og fungere, typisk i ferier og liknande. Me brukar Elements Cloud som sak- og arkivsystem og Teams som felles delingsplattform.
Om stillinga
Som arkivar i nemnda vil du vere med i den daglege registreringa av post frå alle kanalar, journalføring, kvalitetskontroll, brukarrettleiing, å finne att saker og gje innspel til rådgjeving, rettleiing og opplæring internt. I tillegg jobbar me med å fullskanne arkivet etter forgjengaren vår LDN. Stillinga kan også innebera andre oppgåver ved behov. I det daglege vil du vere fagleg underlagt og arbeide i eit tett samarbeid med arkivleiaren, som også i stor grad deltek i den daglege arkivdrifta. Stillinga passar både for deg som er nyutdanna og for deg som har nokre års relevant arbeidserfaring.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på minst bachelornivå innan arkivrelevante fag som arkivfag, historie, samfunnsvitskapelege fag, jus, økonomi og IKT/digitalisering eller tilsvarande (internasjonale gradar må vere NOKUT-godkjend og vedlagt karakterforklaring).
- God kompetanse i IKT og digitalisering
- God kunnskap om og erfaring i bruk av digitale verktøy
- Kjennskap til relevant lovverk, forskrifter, standardar og god praksis innanfor fagområdet
- Meistra norsk godt, både skriftleg og munnleg, då dette er arbeidsspråket vårt
- Ynskjeleg med relevant arbeidserfaring som arkivar, særleg frå statleg eller offentleg sektor
- Ynskjeleg med kjennskap til Elements Cloud eller anna noark-system
- Ynskjeleg med erfaring som superbrukar
På grunn av nemnda sitt samfunnsoppdrag kan det også vere ein fordel om du har erfaring eller innsikt i ulike kulturar, religionar og livssyn eller det norske støtte- og hjelpeapparatet, til dømes NAV. Det kan også vere ei føremon med erfaring frå frivillige organisasjonar eller liknande som jobbar for ulike minoritetar sine rettar og diskrimineringsvern.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, med god rolleforståing
- Nøyaktig, strukturert og flink til å jobbe systematisk
- Gode samarbeidsevne, serviceinnstilt og flink til å formidle kunnskap
- Fleksibel, løysingsorientert og effektiv
- Positiv, omgjengeleg og glad i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Inkludering og mangfald
Diskrimineringsnemnda ynskjer at våre tilsette skal spegla det faktiske mangfaldet hjå innbyggjarane. Me meiner at medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv fører til at me løyser oppgåvene endå betre. Me oppmodar særleg menn, transpersonar, personar med innvandrarbakgrunn og personar med funksjonsnedsetting til å søkje. Me legg til rette for dine behov. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid/prosentstilling.
Me oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Slike registreringar i jobbsøkjarportalen gjev grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Les meir om krav på Arbeidsgjevarportalen. Me vil kalla inn minst to kvalifiserte søkjarar i kvar av desse kategoriane til intervju.
Me tilbyr deg
Eit godt og utviklande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer i trivelege kontorlokale på Bryggen i Bergen sentrum. Ved oppstart får du din eigen fadder og me har eit godt mottaks- og opplæringsprogram. Du vil få ditt eige kontor og me har mellom anna fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, god heimekontorordning, og gode pensjon- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
Ved tilsetting i stilling som arkivar er årsløna i spenn frå kr 500 000 til kr 600 000. Annan stillingskode og høgare løn kan verta vurdert for særleg kvalifiserte søkjarar.
Vil du vite meir?
Dersom du har spørsmål om stillinga, må du gjerne kontakte arkivleiar Helene Reksten på telefon 945 25 520.
Me ser fram til å ta imot søknaden din! Når du søkjer, ber me om at du legg ved CV, vitnemål og relevante attestar.
Merk at opplysningar om deg som søkjar kan bli offentleggjort, sjølv om du ber om at dette ikkje vert gjort. Du vil i so fall bli varsla før det skjer.
Kontaktinformasjon
Helene Reksten, Arkivleder , 945 25 520, helene.reksten@diskrimineringsnemnda.no
Arbeidssted
Statens hus
5015 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Diskrimineringsnemnda
Referansenr.: 4882613492
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Diskrimineringsnemnda orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | |
Webside | www.diskrimineringsnemnda.no |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Museum, bibliotek, arkiv |
Sted | BERGEN (Adresse: Statens hus Postnr: 5015) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 22-11-2024 |