Arealplanlegger – Klepp kommune, Plan og Forvaltning
Construction Arealplanlegging og arkitektur(23 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-09-2024
Deadline: 14-10-2024
Arealplanlegger
Det skjer mye spennande i Klepp, og våre dyktige arealplanleggjarar treng ein ny kollega i teamet. Me behandlar private planforslag, utarbeider kommunale reguleringsplanar, og bidreg i kommunens overordna planarbeid.
Me søkjer etter deg som brenn for ein god stads- og samfunnsutvikling til det beste for innbyggjarar, miljø, klima og næringsliv. Du har kompetanse og engasjement for å leggja til rette for ein god samfunnsutvikling gjennom gode arealplanar og smidige planprosessar.
Fagområde arealplan er ein del av verksemdsområde plan og forvaltning som og har fagområda byggesak, geodata og landbruk.
Me held til rett ved Øksnevadporten stasjon, 24 minuttars togtur frå Stavanger. Om to år vil me flytta inn i nyrenovert rådhus i Kleppe sentrum.
Arbeidsoppgåver
- Du vil vere saksbehandlar for ulike typar private reguleringsplanar
- Du vil delta i utarbeiding av kommunale arealplanar
- Du vil bidra i kommunens overordna planarbeid
- Du skal bidra til at arealplanlegginga har ein høg fagleg standard
- Du skal bidra med å vidareutvikla gode og effektive planprosessar
- Du skal bidra til gode medvirkningsprosessar og eit godt samarbeid internt i kommunen
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning
- Det er ein fordel at du har relevant erfaring, men nyutdanna vil og bli vurderte
- Du har gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Du har gode datakunnskapar
Ved tilsetting vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
Me arbeider tett med kvarandre, andre avdelingar i kommunen, myndigheiter, utbyggjarar, konsulentar, naboar med meir. Det er difor viktig at du har gode samarbeidsevner, er konstruktiv og serviceinnstilt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
Vi tilbyr
- Spennande og varierte oppgåver med rom for fagleg utvikling.
- Ein sjølvstendig stilling, der du i stor grad kan påverke eigen arbeidskvardag
- Konkurransedyktig lønn. Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar. Løn i samsvar med lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Trygve Valen, Plan og forvaltningssjef, +47 97978717
Arbeidsstad
Bedriftsvegen 4
4353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4861847829
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Klepp kommune, Plan og Forvaltning orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt. |
Webside | http://www.klepp.kommune.no |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Arealplanlegging og arkitektur |
Sted | KLEPP STASJON (Adresse: Bedriftsvegen 4 Postnr: 4353) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 14-10-2024 |