Arbeidsleiar Stål-utrusting – Ulstein Verft AS

Construction Arbeidsleder bygg og anlegg

(2 uker siden)

  • ULSTEINVIK
  •  Lagt til dato: 5. september 2024
  •  Expire date: 30. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 05-09-2024
Deadline: 30-09-2024

 

Arbeidsleiar Stål-utrusting

Ulstein har aukande aktivitet, og søker derfor etter ein ny arbeidsleiar. Du vil bli ein del av eit dyktig team, der du vil bli utfordra til å skape kreative og gode løysingar for noverande og framtidige prosjekt. Ein vil få hovudansvar for fagområdet Stål-utrusting, men vil ved behov i periodar kunne bidra på andre fagområde på avdelinga. 

Intervju vil bli gjennomført fortløpande. 

Arbeidsoppgåver

Er du klar for å løyse framtidas utfordringar for den maritime industrien?

Ulstein Verft har ein velfungerande produksjon med høgt kompetansenivå og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre prosjekt på ein god måte. Som tilsett hos oss vil du få spennande og utfordrande oppgåver. Du vil vere ein del av eit dyktig team, der du vil bli utfordra til å skape kreative og gode løysingar for noverande og framtidige prosjekt. 

Arbeidsleiar vil ha eit hovudansvar for fagområdet Stål-utrustning, men vil ved behov i periodar også måtte bidra inn mot andre fagområde på avdelinga.

Arbeidsoppgåvene som Arbeidsleiar vil kunne innebere:

  • Planlegging og leiing av arbeid ombord i nybygg og ved reparasjonsoppdrag
  • Time- og bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar
  • Rapportering av framdrift i samsvar med planlagde aktivitetar
  • Oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar
  • Delta på inspeksjonar og utføre kvalitetskontroll på utført arbeid

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som industrimekanikar eller sveisar. Relevant erfaring frå maritim industri kan kompensere for manglande formell utdanning
  • God tverrfagleg teknisk forståing
  • God teikningsforståing
  • Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil bli tillagt vekt
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar
  • Leiarferdigheiter; erfaring med personalansvar vil bli tillagt vekt

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interessert
  • Positiv, engasjert og med god arbeidsmoral
  • Sjølvstendig og med høge krav til eige arbeid
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Resultatorientert og initiativrik
  • God HMS-haldning

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø
  • Fleksitidsavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver

Verdiane våre – å engasjere, innovere og avansere – bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.

Oppstart etter avtale.

Kontaktinformasjon

Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 4850816452
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ulstein Verft AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har omlag 400 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Webside http://www.ulstein.com
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arbeidsleder, bygg og anlegg
Sted ULSTEINVIK (Adresse: Osnesvegen 110 Postnr: 6065)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/873298a7-b27f-4665-997b-255baf1985fc
IMPORTAPI