Stillingsbeskrivelse

Published 29-09-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Arbeids- og utdanningspesialist

Vi har ledig 100% vikariat som Arbeids- og utdanningsspesialist på DPS Dag, moglegheit for fast stilling. Oppstart snarast mogeleg. 

Som arbeids- og utdanningsspesialist, vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag. Du vil inngå i eit team på totalt fire personar som arbeider etter IPS metodikken. Delar av stillinga vil inngå i et ambulant psykoseteam/OP-team som planleggast å bli et FACT team på sikt. DPS Dag er opptatt av god samhandling og vi motiverast av å ha pasienten sine ønskjer og behov i fokus. 

DPS Dag er ein poliklinikk som gir distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Dei tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk og har fleire tilsette i pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Poliklinikken er lokalisert i både Førde og Florø.
DPS dag tilbyr ulike terapiformer som t.d. e-behandling, MBT-I/G, B4DT.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga er lokalisert i Førde og i Florø. Mars 2021 flytta Psykiatrisk klinikk inn i nytt moderne bygg i Førde der vi har 4 sengepostar med samla 41 sengeplassar og poliklinikk. Vi er samlokalisert med Førde BUP.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Arbeidsoppgåver

  • Oppsøke bedrifter, skape dialog med arbeidsgjevarar og byggje nettverk
  • Jobbe ambulant med personlege møter med pasientar, utdanningsstad/arbeidsgjevarar, NAV og aktivitetstilbod i lokalmiljøet.
  • Kartlegge jobbsøkar sine interesser, ønsker, ferdigheiter og ressursar, samt sette dei i kontakt med riktige jobb/arbeidsgjevar eller aktivitetstilbud i lokalmiljøet
  • Delta i behandlingsteam og ha eit tett samarbeid med tilsette på DPS dag
  • Engasjere og motivere både jobbsøkjarar, utdanningsstad, arbeidsgjevarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt arbeidssøkjar
  • Dokumentere arbeidet i tett samarbeid med NAV om felles pasientar og arbeidsgjevarkontakter

Kvalifikasjonar

  • Helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning eller tilsvarande
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus
  • Klinisk erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning
  • Klinisk erfaring frå arbeid med psykisk helse og/eller rus.
  • God skriftelg og munnleg fremstillingsevne
  • Førarkort klasse B
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å prioritere oppgåver i ein hektisk kvardag
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevne
  • Fleksibel og evne til å vere løysningsfokusert
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Personlege eigenskapar blir lagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overreinskomst
  • God forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar, +47 578 39 707

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4860860234
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2024
Sluttdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykiatrisk klinikk, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-11-2024
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/171674d8-d9a0-4c02-8cd7-05dd4c04a950
IMPORTAPI