applikasjonsforvalter – Digitaliseringsdirektoratet

IT Utvikling

(1 uke siden)

  • LEIKANGER
  •  Lagt til dato: 12. november 2024
  •  Expire date: 27. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 12-11-2024
Deadline: 27-11-2024

 

applikasjonsforvalter

Har du glimt i auga, teknologi i hovudet og kunden i hjartet?

Digdir er regjeringas fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit stort fagleg mangfoldsom gir rom for personleg utvikling og vekst, og vi jobbarutforskande med moderne teknologiar og metodar.  Saman med oss kan du få til meir enn du trur!

I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og forvaltning av nasjonale fellesløysingar, som mellom anna ID-porten, digital postkasse og eInnsyn.

Hososs får du jobbe med den daglege forvaltninga av samfunnskritiske fellesløysingar og oppfølging av over 1800 offentlege kundarog deira leverandørar. Dette er verksemder som mellom anna Skatteetaten, Nav, Statens Lånekasse, Helsedirektoratet ogkommunar.

No ser vi etter tonyekollegaermed både kunnskap og interesse for teknologi, som vil bidra til vidareutvikling av løysingane våre ogfølge opp nyeog eksisterande kundar. 

Aktuelle oppgåver

  • Følge opp kundar og leverandørar i servicedesken vår
  • Integrasjon av tenester i fellesløysingar som blant anna ID-porten, eInnsyn, eFormidling
  • Feilsøking, analyse og applikasjonsforvaltning
  • Utarbeide og vedlikehalde teknisk dokumentasjon og prosessar
  • Ivareta kundeperspektivet inn mot utviklingsteama våre
  • Videreutvikle støtteverktøy som Grafana, Dynamics CRM, Statuspage, Docsog PowerBI 
  • Prosjektarbeid

Oppgåvene blir tilpassa den aktuelle kandidaten etter kvalifikasjonar og erfaringar

Om deg

Vi ser etter deg som er omgjengeleg, engasjert og utadvendt, og som ynskjer å bidra til ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi er framoverlente, nysgjerrig på ny teknologiog serviceorienterte. Det ynskjer vi at du ogsåer.

Vi søker spesielt deg som har kunnskap og erfaring innanforeitteller fleire emne:

  • Monitorering/overvåkning
  • Database
  • Statistikk og datakvalitet
  • Språkmodell/chatbot
  • Sikkerheit
  • ITIL-rammeverket.

Kven er du?

  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
  • er omgjengeleg, sosial og løysingsorientert
  • er nysgjerrig og utforskande innan teknologi, og evnar å sjå korleis den kan nyttast i våre løysingar
  • trivast med å jobbebåde sjølvstendig ogi team
  • har IT-fagleg utdanning, gjerne innan IT-drift, systemutvikling, informatikk eller informasjonsteknologi.Lengre relevant erfaringeller sertifiseringarinnan faget kankompensere for manglande utdanning  

Vi tilbyr deg

  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving 
  • lønsom rådgjevar eller seniorrådgjevar etter avtale
  • arbeidsstad i våre lokalar på Leikanger med moglegheit for heimekontor inntil 2 dagar i veka 
  • medlemskap i Statens pensjonskassesom er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar pensjonskasse
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar  
  • opning for to timar trening i veka i arbeidstida 

Les meir om  å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. 

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Seksjonssjef Marianne Strypet 
E-post: marianne.strypet@digdir.no
Telefon: 97522720

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Digitaliseringsdirektoratet orgnr: 987464291
Kort om arbeidsgiver

Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 380 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.

Webside https://www.digdir.no/
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted LEIKANGER (Adresse: Skrivarvegen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c04c5745-accf-4be0-b582-4ff5fee1dd76
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270781