Stillingsbeskrivelse

Published 23-09-2024
Deadline: 24-10-2024

 

Anestesisjukepleiar – Dagtid m/helg

Vi søker Anestesisjukepleiar – dagtid m/helg


Haukeland universitetssjukehus, Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi, Nasjonalt brannskadesenter, har ledig fast stilling som anestesisjukepleiar frå snarast. Fortrinnsvis dagtidstilling m/helg (kan vere behov for enkelte kveldsvakter).

Avdelinga har nasjonal behandlingsteneste for avansert brannskadebehandling. Avdelinga har fem sengeplassar, der fire av dei er
intensivplassar. Avdelinga har ansvar for både barn og vaksne og behandlar
kvart år 150-250 pasientar. Arbeidet i avdelinga er svært tverrfagleg og som anestesisjukepleiar arbeider ein tett saman med avdelinga sine anestesilegar.
Det blir årleg i tillegg til den operative behandlinga, gjennomført vel 600
større sårstell i anestesi. 

Den nasjonale tenesta omfattar avansert brannskadebehandling ved store brannskadar og tidleg høgspesialisert brannskaderehabilitering ved
komplekse rehabiliterings-behov i forlenginga av akuttopphaldet. Den nasjonale
tenesta omfattar også rekonstruksjon av fylgjetilstandar etter store
brannskader. Tenesta inkluderer intensiv-behandling og kirurgi ved store
flammeskadar, skåldingskadar, kontaktskadar, etseskadar og elektriske skadar og
tilstandar som treng tilsvarande behandling (toksisk epidermal nekrolyse/Steven-Johnsons
syndrom og svært omfattande hud- og blautvevsdefektar som fylgje av andre
skadar/tilstandar).

Den som søker stillinga må ha autorisasjon som anestesisjukepleiar. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i
norsk skriftleg og munnleg. Den som får tilbod om tilsetting må legge fram
godkjend politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Arbeidsoppgåver

  • Anestesioppgåvene blir planlagd i tett samarbeid med anestesilege, men som anesteisjukepleiar jobbar du sjølvstendig. Dei fleste anestesiar blir gjennomført i spontanventilasjon, utan intubasjon
  • Vi har anestesi til både barn og vaksne
  • Vi har for tida fire anestesisjukepleiarar, der dei tre dekker kvar si helg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning i anestesisjukepleie
  • Erfaring fra operasjonsavdeling er ønskeleg
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Vi søker ein driftig fagperson som likar å finne gode løysingar

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit til å oppnå kompetanse i behandling av pasientar med brannskadar
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Kurs for nye tilsette
  • Internasjonale kurs og konferansar
  • Gde pensjons og forsikringsordningar
  • Ulempetillegg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Vi er ei inkluderande arbeislivsbedrift (IA-bedrift) 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Liv Hege Furnes Hilt, Avdelingssjukepleiar, 55973560

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4863946464
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk klinikk/ Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c3d5ffe1-058f-47d0-b55d-c21b296daf57
IMPORTAPI