Ambulerande reinhaldar – 100 % fast stilling – Vinje – Vinje Kommune Reinhald Og Tekstil
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 13-09-2024
Deadline: 27-09-2024
Ambulerande reinhaldar – 100 % fast stilling – Vinje
Vinje reinhald og tekstil yter reinhaldstenester til alle kommunale bygg i områda Edland, Rauland, Øyfjell, Vinjar og Åmot. Reinhald er delt i fire soner med kvar sin leiande reinhaldar. Me ynskjer ein person som kan arbeide ved fråver i desse sonene. Arbeidsstadene vil variere innad i kommunen.
Hva vi ser etter
-
Gode haldningar og evne til å kommunisere godt mellom tilsette med ulike morsmål og kulturar
-
Gode samarbeidsevner for å kunne jobbe i team
-
Fleksibilitet ved byte av arbeidstid, arbeidsoppgåver og arbeidsstader etter behov
-
Vera merksam på detaljar og oppretthalde ein god standard for reinhald/hygiene
-
Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
-
Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine
Arbeidsoppgaver
-
Dagleg reinhald av t.d. wc, basseng, garderobar og dusjar (sanitæranlegg)
-
Dagleg reinhald av store flater og inventar
-
Smittereinhald ved behov
-
Periodisk reinhald og hovudreingjering
-
Utføre arbeidsoppgåver etter reinhaldsplanar
-
Samarbeid med andre tilsette og brukarar av kommunale bygg
-
Påfyll av t.d. såpe- og papirdispenserar, handtering av restavfall m.m
-
Bruk av golvvaskemaskiner og reingjering/vedlikehald av desse
-
Setje deg inn i og bruke kommunen sitt verktøy for internkontroll
Vi tilbyr
-
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
-
Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer
-
Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen — ergonomisk og psykososialt
-
Løn etter KS tariff og lokal lønstabell
-
Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene
-
Gode barnehagetilbod
-
Vakker natur og mange fritidstilbud
-
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
-
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
-
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vinje Kommune Reinhald Og Tekstil orgnr: 884921112 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vinje kommune har etter 2 kvartal 3855 innbyggerar. Kommunesenteret ligg i Åmot, midt mellom Bergen og Oslo langs E134. Kommune er omkransa av vakker natur i fjell og skogområde og har mange aktive lag og foreningar. Du kan lese meir om kommunen vår på heimesidene til Vinje kommune. |
Webside | https://www.vinje.kommune.no |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | VINJE (Adresse: Vinjevegen 192 Postnr: 3890) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 27-09-2024 |