Ambulansefaget: læreplass 2025-2027 – Ambulansetenesta, Helse Førde
Security and readiness Brann utryknings og redningspersonell(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 14-01-2025
Deadline: 09-03-2025
Ambulansefaget: læreplass 2025-2027
Læreplass ambulansetenesta i Helse Førde.
Ambulansetenesta ligg i Prehospital avdeling i Kirurgisk klinikk. Tenesta har ansvar for ambulansetenester i Helse Førde sitt dekningsområde delt på 19 stasjonar.
Ambulansetenesta søkjer for hausten 2024 etter entusiastiske og motiverte lærlingar i ambulansefaget. Vaksenlærlingar som kan dokumentere gjennomført eksamen og læretid ned til 24 månadar, kan og søkje på læreplass.
Helse Førde tar i mot inntil 6 lærlingar fordelt på våre større stasjonar i Helse Førde sitt nedslagsfelt.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og fysiske testar. Intervju med opptak vert arrangert 07-08.04.2025 i Førde.
Fysiske testar må vere bestått før ein får tilbod om lærekontrakt.
Vi oppmodar søkjarar om å beskrive ønska lokalisasjon for læreplass fordelt på Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene går i å utføre ambulanseoppdrag i vaktperioden innanfor heile fagfeltet.
- Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan.
- Eigentrening og teamtrening
- Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
- Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
- Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
- Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
- God helse, stette helsekrava for førekort gruppe 3 – helseattest ikkje eldre enn 6 månadar
- Bestå dei fysiske krava for tenesta – sjå våre nettsider.
- VG 1 Helse og oppvektsfag og VG 2 Ambulansefag på skule før oppstart av læretid.
- Søkjarar som ikkje har fullført og bestått VG 1 og VG 2 frå ordinær skule kan bli vurdert under føresetnad av bestått eksamen i programfag og fellesfag frå ovannemnde studieretning inkl YFF, før oppstart av læretid.
- Førerkort klasse B gjennomført og bestått innan januar 2026.
- Førarkort klasse C1 gjennomført og bestått i løpet av mai 2026.
- God orden og åtferd
- Politiattest krevst før tilsetting i stillinga etter lov om Helsepersonell § 20a – Plettfri vandel
- God fysisk helse – sjå definerte fysiske krav.
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar for yrket blir særleg vekta.
- Vere interessert i mennesker
- Gode kommunikasjonsevner på norsk både skriftleg, munnleg og digitalt
- Evne til å omsette teori til praksis
- Høg motivasjon som ambulanselærling
- Evne til å ta initiativ og ha engasjement i arbeidskvardagen.
- Evne til samhandling og samarbeid
- Imøtekomande, pliktoppfyllande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Vi tilbyr to år læretid i vakker og storslått natur kor oppdraga i stor grad fylgjer årstidene med stor variasjon og spennvidde
- Løn etter tariff for lærlingar
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein spennande og lite forutsigbar arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå.
- Eigen lærlingansvarleg, lærlingsamlingar både for første og andreårslærlingar
- Undervisning og oppfølging av eigen kompetanseseksjon i ambulansetenesta.
- Vi tilbyr kurskostnad for kurs i utrykningskøyring (K160) og førarkort klasse C1 i løpet av læretida.
- Lyse utsikter for jobb i etterkant av læretid.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hilde Rotihaug Humborstad, Seksjonsleiar Ambulanse område 5, 415 30 511
John Andor Ellingsund, Seksjonsleiar Ambulanse område 3, 415 30 506
Arbeidssted
Vievegen 28
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4906711101
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ambulansetenesta, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Brann-, utryknings- og redningspersonell |
Sted | FØRDE (Adresse: Vievegen 28 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Lærling Heltid Antall stillinger: 6 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 09-03-2025 |