Stillingsbeskrivelse

Published 01-12-2024
Deadline: 11-12-2024

 

Ambulansearbeider / Paramedisiner

Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag! 
Seksjon Sula/Sykkylven/Stranda/Geiranger har ledig  to 100% faste stillingar frå 01.02.25.

Vi er ein seksjon med stadig nye utfordringar, godt arbeidsmiljø, hyggelige og engasjerte kollegaer med tydelig fokus på best mogleg pasientbehandling.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil-, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved anna seksjon bli tilbudt. Det må også påregnast arbeid ved andre stasjoner.

Er dette noko for deg, er du velkomen som søkjar på stillinga.
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!

Arbeidsoppgåver

  • Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
  • Samarbeide i team og samarbeidsetatar
  • Delta på undervisning og sertifiseringar
  • Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
  • Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
  • Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som Paramedisiner/ Ambulansearbeidar
  • Inneha farmakologistudie tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
  • Bestått utrykningskurs og innehar kompetansebevis for kode 160
  • Gyldig Politiattest etter lov om helsepersonell §20a før tilsetting
  • Vere psykisk og fysisk egna for stillinga
  • Kandidaten må bestå fysisk test før tilsetting
  • Førerkort klasse C1
  • Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetjenesten i Midt-Norge
  • Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetjenesten i Midt-Norge
  • Vere villig til å videreutdanne seg til paramedic 60 stp etter ei evt. tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og respektfullt med pasientar og kollegaer
  • Du har gode prioriteringsevner i nødsituasjoner
  • Du er motivert, fl eksibel og tilpasningsdyktig
  • Du er omsorgsfull og tålmodig med pasientar og kollegaer
  • Du har gode datakunnskapar
  • Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har gode fremstillingsevner i norsk både skriftleg og munnleg

Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Kontaktinformasjon

Anita Vollstad, Seksjonsleiar, Anita.Vollstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Smedplassvegen 2
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4890021492
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 11.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Amb. stasjon Sula/Sykkylven/Stranda/Geiranger, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Brann-, utryknings- og redningspersonell
Sted SYKKYLVEN (Adresse: Smedplassvegen 2 Postnr: 6230)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-02-2025
Søknadsfrist 11-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a62b7a62-b22c-4179-9ea4-ff5cdc9ed58d
IMPORTAPI