Stillingsbeskrivelse

Published 17-11-2024
Deadline: 25-11-2024

 

Ambulansearbeidar / Paramedisiner

Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag! 

Seksjon Fræna/ Aukra / Averøy har ledig 100% fast stilling for Ambulansearbeidar/Paramedisiner frå 01.12.24.

Fræna ambulansestasjon ligg i Malmefjorden, like ved Molde, Aukra ambulansestasjon ligg like utanfor Molde i naturskjønne omgjevnader og driv både ambulansebil og ambulansebåt. Averøy ambulansestasjon ligg i nærleiken av Bruhagen og ikkje langt frå Kristiansund.
Seksjon Fræna/Aukra/Averøy opererer med 1 døgnbil i Fræna, 1 døgnbil og båt på Aukra, og 1 døgnbil på Averøy. Seksjonen utfører om lag 3000 oppdrag per år. Arbeidsmiljøet er svært godt, og du vil få mange engasjerte og gode kollegaer.
Det må påreknast å jobbe ved alle tre stasjonane.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil-, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.

Det kan bli fleire stillingar ledige, og då forbeheld vi retten til å tilby desse til søkarmassen.
Ved intern omrokkering kan anna stillingsprosent verte ledig, og søkjarar på denne stillinga vil bli tilbydd dette.
Er dette noko for deg, er du velkomen som søkjar på stillinga.

Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!

Arbeidsoppgåver

  • Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
  • Samarbeide i team og samarbeidsetatar
  • Delta på undervisning og sertifiseringar
  • Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
  • Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
  • Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisiner
  • Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
  • Utrykningskurs gjennomført og dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
  • Førarkort klasse C1
  • Farmakologiutdanning tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå
  • Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
  • Ønskjeleg med Paramedic-utdanning eller motivasjon til å fullføre denne
  • Bestått AMLS/PHTLS etter kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
  • Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
  • Fysisk og psykisk eigna; fysisk test før tilsetting og årleg resertifisering

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og respektfullt med pasientar og kollegaer
  • Du har gode prioriteringsevner i nødsituasjoner
  • Du er motivert, fleksibel og tilpasningsdyktig
  • Du er omsorgsfull og tålmodig med pasientar og kollegaer
  • Du har gode datakunnskapar
  • Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har gode fremstillingsevner i norsk både skriftleg og munnleg
  • Du er fagleg engasjert, ansvarsbevisst, har pågangsmot, likar utfordringar og tar tak i daglige gjeremål

Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Kontaktinformasjon

Anniken Telnes Hansen, Seksjonsleiar, Anniken.Telnes.Hansen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Orbakken 9
6531 Averøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4881709330
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Amb.stasjon Averøy/Fræna/Aukra, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Brann-, utryknings- og redningspersonell
Sted AVERØY (Adresse: Orbakken 9 Postnr: 6531)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f9104b7b-6050-4145-a997-2f2aed3d5f61
IMPORTAPI