Ambulansearbeidar Måløy – Ambulanse OMR Nordfjord, Helse Førde
Security and readiness Brann utryknings og redningspersonell(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 05-11-2024
Deadline: 16-12-2024
Ambulansearbeidar Måløy
Måløy ambulansestasjon søkjer etter personell til følgjande stillingar:
- 3 x 100% fast stilling som Ambulansearbeidar
- Oppstart: 17.02.2025
Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde, som ligg organisert i Kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjon i Solund og Florø. Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar.
Måløy ambulansestasjon har 21 årsverk og har 2 døgnbiler i tillegg til 1 dagbil. Tilsette roterer mellom vakt på hovud- og satelittstasjon. Alle vaktskifte skjer ved hovudstasjon. Tilsette jobbar dagvakter på dagbil og døgnvakter. Alle våre stasjonar har årsplan/kalendarplan.
Arbeidsoppgåver
- Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
- Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
- Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
- Eigentrening og teamtrening
- Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
- Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
- Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
- Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som paramedisinar eller ambulansearbeidar
- Førarkort kl. C1
- Kompetansebevis for utrykkingskøyring, kode 160. I tillegg delta på regelmessig vedlikehaldstrening.
- Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D.
- Politiattest krevst før tilsetting etter lov om Helsepersonell § 20a.
- Bestå trinn 2 kompetanseutsjekk, seinast innan 6 månadar etter tilsetting.
- Stor arbeidskapasitet
- God fysisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Krava ligg på ambulansetenesta sine nettsider.
- For ambulansearbeidarar er det ønskeleg med vidareutdanning (årsstudium) som paramedic.
- Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
- Gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
- Halde seg i god fysisk form som krevst for å utføre oppgåvene som ambulanasearbeidar
- Like å tidvis ha det hektisk og jobbe med høg aktivitet
- Pliktoppfyllande
- Fleksibel i høve til å jobbe på ulike stasjonar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vektleggast
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hilde Rotihaug Humborstad, Seksjonsleiar Prehospital Avdeling, 415 3 0511
Arbeidsstad
Ivahavet 10
6718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4874934435
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ambulanse OMR Nordfjord, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Brann-, utryknings- og redningspersonell |
Sted | DEKNEPOLLEN (Adresse: Ivahavet 10 Postnr: 6718) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 16-12-2024 |