Allmennlege – Tokke Kommune Sentraladministrasjon

Health and social care Lege

(5 timer siden)

  • DALEN
  •  Lagt til dato: 19. desember 2024
  •  Expire date: 9. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 09-01-2025

 

Allmennlege

Nyoppretta fastlegeheimel i Tokke kommune

Er du ein engasjert og omsorgsfull allmennlege som ønskjer å bli ein del av eit støttande og inkluderande lokalsamfunn? Tokke kommune søkjer no etter ein fastlønna allmennlege til ein nyoppretta fastlegeheimel i 100% fast stilling, ledig frå 01.02.25.

Om stillinga:

· Stilling: 100% fastlønna allmennlege

· Arbeidsstad: Tokke kommune, Legekontoret

· Ansettelsesform: Fast

· Oppstart: 01.02.25

I Tokke kommune tilbyr ein:

· Fire månader lønna utdanningspermisjon kvart 3. år

· Årleg to ekstra lønna veker legeperm

· Konkurransedyktig løn og gode arbeidsvilkår

· Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø

· Moderne fasilitetar og utstyr

· God balanse mellom arbeid og fritid

Om Tokke legekontor: Tokke kommune har i dag tre fastlegeheimlar og ei LIS 1 stilling med stabil legedekning og høg fagleg kompetanse. Listetak er for tida på ca. 700 pasientar per fastlege. Vi har kreftkoordinator og kreftpoliklinikk, bioingeniør, spesialsjukepleiarar, og godt utbygde tenester innan psykisk helse og rus. Helsestasjon- og skulehelsetenesta, kommunale og private fysioterapeutar, og omsorgstenesta er også ein del av vårt team som arbeider framtidsretta.

Arbeidsoppgåver:

· Kurativt legearbeid og ø-hjelp/legevakt på dagtid

· Fastlegane dekkjer opp for kvarandre ved fråver

· Kommunale oppgåver

· Noko legevaktarbeid i samarbeid med Vinje kommune

· Tett tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper innan helse og omsorg

· Veiledning/supervisjon LIS 1

Kvalifikasjonar:

· Spesialistgodkjenning i allmennmedisin, under utdanning i allmennmedisin eller ynskje om å spesialisere seg innan allmennmedisin

· Norsk autorisasjon som lege

· Godkjent nødnett- og akuttkurs legevakt

· Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner

· Førarkort klasse B

· God framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg

Tokke kommune søkjer deg som:

· Arbeider målretta med pasientar

· Har god evne til å kommunisere og oppnå gode relasjonar til andre menneske

· Er fleksibel, løysingsorientert og positivt innstilt

· Har erfaring med å takle akutte situasjonar

· Kan jobbe sjølvstendig og strukturert

· Har gode samarbeidsevner og eit fagleg engasjement

I tillegg tilbyr kommunen:

· Eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement

· Fokus på fagleg utvikling og konkurransedyktig fastløn

· Kontortid frå kl 08.00-15.30

· Avsett skjerma tid til administrasjon

· Veiledning og tilrettelegging under spesialisering i allmennmedisin

· Hjelp til bustad

· Gode forsikrings- og pensjonsordningar via KLP

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tokke Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974610124
Kort om arbeidsgiver

Kraft- og kulturkommunen Tokke ligg i Vest — Telemark, og har eit mangfald av kultur- og naturopplevingar, gode buplassar både i sentrum og i landlege grender, eit stort idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til eit spennande næringsliv. Tokke kommune blei for andre år på rad kåra til beste kommune for barn og unge i Unicefs kommuneanalyse i 2022. Du kan lese meir om korleis det er å bu i Tokke her: Velkomen til Tokke! – TOKKE KOMMUNE

I enden av Telemarkskanalen finn du kommunesenteret Dalen, som byr på perler som Soria Moria, Dalen Hotel, Rui og ei triveleg handlegate i sentrum med spanande butikkar og kafé

Webside https://www.tokke.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted DALEN (Adresse: Storvegen 60 Postnr: 3880)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-02-2025
Søknadsfrist 09-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3f7ca0a0-6075-4332-89ba-ff4475f63379
Stillingsregistrering