Aktivitetsleiarar sommaraktivitet for ungdom – Avdeling kultur, Fyresdal kommune

(1 uke siden)

  • FYRESDAL
  •  Lagt til dato: 19. mars 2025
  •  Expire date: 11. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 19-03-2025
Deadline: 11-04-2025

Aktivitetsleiarar sommaraktivitet for ungdom

Vi treng to aktivitetsleiarar til sommaraktivitet for ungdom for omlag tre veker i sommar.

Målet for alle aktivitetane er at barna skal oppleve meistring og gode opplevingar i eit trygt, aktivt, utforskande og sosialt miljø. Trivst du med å jobbe med barn og unge, og har du lyst til å bidra til at dei får ein innhaldsrik og spennande sommar? Vi treng trygge, engasjerte og ansvarsmedvitne personar som kan vere med på å gi barna gode sommaropplevingar.

Arbeidsoppgåver

  • Skape og gjennomføre aktivitetar
  • Planlegge og tilrettelegge med samarbeidspartnarar
  • Ta vare på tryggleiken til barna og skape eit godt miljø for trivsel og samhald
  • Organisere og følge grupper på omlag 20 born (alltid to saman)
  • Halde rammene og retningslinjene for barna
  • Førebu før aktivitet, rydde og halde orden på området der aktiviteten blir gjennomført

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk
  • Du må kunne levere gyldig politiattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • Entusiastisk
  • Initativrik
  • Uthaldande
  • Ansvarsmedviten
  • Løysingsorientert
  • Glad i barn og unge

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Ein spennande og lærerik sommarjobb
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Tilsetting skjer elles på dei vilkåra som fylgjer av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.

Kontaktinformasjon

Nina Breivk, Koordinator førebyggjande arbeid, +47 47 88 62 70, nina.breivik@fyresdal.kommune.no
Hilde Martini Momrak, Avdelingsleiar kultur, +47 95 27 09 05

Arbeidssted

Fyresdalsvegen 2233
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 4940421423
Stillingsprosent: 50, 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 11.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling kultur, Fyresdal kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.
Webside https://www.fyresdal.kommune.no/
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted FYRESDAL (Adresse: Fyresdalsvegen 2233 Postnr: 3870)
Stillingstype Sesong Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b5480afe-8c03-4a77-aea3-2ae6b10b3285
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31