Stillingsbeskrivelse

Published 31-10-2024
Deadline: 24-11-2024

 

90 % vikariat som assistent i tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne i Ytre Bremanger avd. Amtskaia

I Bremanger kommune i tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne avd. Amtskaia i Open Omsorg Ytre, er det ledig ei 90 % vikariat som assistent perioden 01.01.25 til 31.12.25. Vi arbeider i årsturnus kor ein kan ynskje seg m.a. langvakter. Vi har døgnbemanning, med 1:1 bemanning. Medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid -og fritida si.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter deg som er interessert i faget
  • Like å arbeide i team
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
  • Du har førerkort kl. B.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske. Arbeidet inneheld å hjelpe til i pleie – og til ivareta dei daglege gjeremåla i heimen/reingjering, matlaging og klevask. Sidan miljøarbeid er ein viktig del av arbeidet, er det viktig at du likar å vere aktiv og engasjerar deg i arbeidet med brukar. Serviceinnstilling og personleg egnaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no – Kommunal Landspensjon for andre.  Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaer!

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Karine Igland, Drifssjef Open omsorgs ytre, +47 959 82 940

Arbeidsstad

6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4879743845
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Søknadsfrist: 24.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Open omsorg ytre, Bremanger kommune orgnr: 974591995
Kort om arbeidsgiver

Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

Webside http://bremanger.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted KALVÅG (Adresse: Postnr: 6729)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3499e3b9-4b7a-46bd-bd40-2e4e94279233
IMPORTAPI