80 % sjukepleiar/vernepleiar natt i heimetenesta – Stranda distrikt, Stranda kommune

Health and social care Sykepleier

(2 dager siden)

  • STRANDA
  •  Lagt til dato: 18. november 2024
  •  Expire date: 4. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: 04-12-2024

 

80 % sjukepleiar/vernepleiar natt i heimetenesta

Vi søkjer etter 80 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt . Arbeidstid etter ei kvar tid gjeldande turnus. 

Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår. Vi søkjer ein sjukepleiar/vernepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig men ha gode samarbeidsevner, samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss i heimetenesta. Vi nyttar fagdatasystemet Visma Profil til all dokumentasjon rundt brukarane, og turnusprogrammet Visma Ressurs for turnusplanlegging og timelister

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Arbeidsoppgåver

  • Pleie til brukarar med varierande behov. 
  • Dokumentasjon i pasientjournal.
  • Medikamenthandtering.
  • Legge til rette for godt samarbeid mellom brukar, pårørande og kollegaer.
  • Tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Fagleg engasjement.
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til velferdsteknologi.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Søkjar må ha sertifikat. 
  • Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing. 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Sjølvstendig og målretta.
  • Evne til å samarbeide med andre.
  • Fagleg dyktig og engasjert med særleg interesse for eldreomsorg. 
  • Positiv i møte med brukarar og kollegaer. 
  • Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 
  • God opplæring.
  • Godt fagleg miljø.
  • Godt arbeidsmiljø med flinke og engasjerte kollegaer.
  • Funksjonstillegg.

Kontaktinformasjon

Astrid Helene Ringdal, Fagleiar, +47 46411156

Arbeidsstad

Nymarkvegen 58
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4887371045
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 04.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stranda distrikt, Stranda kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Webside https://www.stranda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted STRANDA (Adresse: Nymarkvegen 58 Postnr: 6200)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 03-02-2025
Søknadsfrist 04-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e803362e-a484-4e26-a0fa-c23108defe57
IMPORTAPI