Stillingsbeskrivelse

Published 14-01-2025
Deadline: 26-01-2025

40% vikarstilling som rettleiar/sakshandsamar på NAV Lom og Skjåk

40% vikarstilling som rettleiar/sakshandsamar er frå dags dato og fram til 1. august, vikariatet kan bli forlenga og stillingsstorleiken kan bli justert opp.

NAV Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk Kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret er lokalisert i Bismo, Skjåk.

Arbeidsoppgåvene er oppfølging med eit breitt fagfelt

  • Rettleie, motivere og utøve endringsarbeid med folk som treng hjelp til å kome i arbeid og aktivitet, inkludert å kartleggje den einskilde sine ressursar og moglegheiter

  • Vurdere og setje i verk tiltak som kan hjelpe brukaren med å kome i arbeid og aktivitet

  • Samarbeide og finne gode løysingar med kollegaer, arbeidsgjevarar, helsevesen og andre involverte

  • Arbeidsoppgåver og saksbehandling i tråd med t.d. Forvaltningslova, Lov om sosiale tenester og Lov om Folketrygd

  • Handtere fleire datasystem for å løyse NAV sine oppgåver

Kvalifikasjonar

  • 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet (bachelor)

  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet

  • Erfaring frå endringsarbeid- og rettleiingsarbeid er ynskjeleg

  • Ha evne til å tole stress og stor arbeidsmengd

  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg – kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

  • God IT-kompetanse

Vi vektlegg at du

  • Har evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt

  • Har evne til å rettleie brukarar, medarbeidarar og samarbeidspartar

  • Har evne til å arbeide i team

  • Er sjølvstendig i planlegging og drift av eigen arbeidskvardag

  • Er engasjert og ser mogelegheiter for brukaren

  • Har gode servicehaldningar samt god kommunikasjonsevne

  • Har gode samarbeidseigenskapar, er fleksibel, initiativrik og omstillingsdyktig

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Søkjarar må disponere eigen bil — ein må rekne med noko reising som ein del av jobben.

Vil du veta meir om NAV – gå inn på nav.no.

Vi tilbyr

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale

  • pensjonsordning i KLP

Spørsmål kan rettast til

Ingunn Merete Tvedt, leiar NAV Lom og Skjåk, ingunn.merete.tvedt@nav.no

Søknadsfrist 26. januar 2025.

  • Elektronisk søknadsskjema

  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

Kommunedirektøren

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skjåk Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974595532
Kort om arbeidsgiver

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

Webside https://www.skjaak.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted SKJÅK (Adresse: Moavegen 30 Postnr: 2690)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5462d7ff-202f-4d3e-ab8f-d92fb2d3e7e1
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31