Stillingsbeskrivelse

Published 24-03-2025
Deadline: 13-04-2025

4 stillingar à 100% som pedagogisk leiar og barnehagelærar ved Rabben barnehage

Vil du ha verdens viktigste jobb?

 

Ullensvang kommune har ledig med atterhald 4 x 100% stilling, fast som pedagogisk leiar og barnehagelærar i Rabben barnehage frå 11.08.2025. 

Rabben barnehage er ein 5 avdelings barnehage med 70 barn/96 plassar, som ligg på Eide i Odda, nær den vidaregåande skulen, ungdomsskule og Odda stadion. Hovden naturområde ligg like ved. Barna skal oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i barnehagen vår!  Me nyttar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og områder som vi brukar til leik, læring og kunnskapsbygging om byen og naturen vår. 

Likar du å jobba med menneske og er glad i å vera ute i naturen i eit aktivt og kreativt arbeidsmiljø, der me jobbar for det beste for barna, er kanskje du den rette?

Rabben barnehage – heimeside

Arbeidsoppgåver 

  • Lede det pedagogiske arbeidet i tråd med aktuelt lovverk og styringsdokument. 

  • Planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet saman med barna og andre tilsette på avdelinga.

  • Organisera og leia avdelinga i ei tydeleg retning for å sikra eit læringsmiljø av høg kvalitet for alle barna.

  • Være aktiv i arbeidet med å vidareutvikla barnehagen som ein lærande organisasjon og i leiarteamet til barnehagen.

  • Samarbeid med foreldre og andre instansar, som ppt og helsestasjon.

Kvalifikasjonar og krav

  • Barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25

  • Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.

  • Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding, jf. Løyve om barnehagar §30

  • Grunnleggjande ferdigheiter med bruk av digitale verktøy

 

Personlege eigenskaper:

  • Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis.

  • Har fokus på barnets beste og det pedagogiske innhaldet.

  • Vera ein motiverande rettleiar for personalet på eigen avdeling.

  • Sjå kvart enkelt barns behov og leia ei gruppe barn.

Me tilbyr

  • Lønn i hht tariffavtale

  • Gode pensjons- og forsikringsavtalar

  • Gode utdanningsstipend

  • Pedagogisk leiar tillegg på kr 36 000

  • Rekrutteringstilskot for dei som har godkjent barnehagelærarutdanning kr 30 000 etter eitt år og kr 30 000 etter to år.

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
«Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Rabben barnehage orgnr: 975308898
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e2c8bb76-2b4e-4956-ab1e-be5450dd12e4
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31