2. gangs utlysing: Fast stilling som rektor ved Åseral barne- og ungdomsskule –  – Åseral kommune

(4 dager siden)

  • ÅSERAL
  •  Lagt til dato: 27. mars 2025
  •  Expire date: 22. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 27-03-2025
Deadline: 22-04-2025

2. gangs utlysing: Fast stilling som rektor ved Åseral barne- og ungdomsskule – 

Vil du vere med å utvikle den gode skulen i Åseral? Åseral skules visjon er «Vi kan, vi vil, da får vi det til!». Alle barn og unge skal vekse opp til å bli den beste utgåva av seg sjølv, slik at dei kan delta aktivt i samfunns- og arbeidsliv som vaksne og ta gode val for seg sjølv og andre. Ingen kan skape ein god skule aleine. Vi ser etter deg som vil leie utviklinga av skulen sitt profesjonsfaglege fellesskap, slik at alle ser si rolle i å ta eit kollektivt ansvar for elevane si utvikling og læring.

Hvis du vil bli ein del av denne reisa, så håper vi at du les vidare.

Vi ser etter ein modig, endringsdyktig og raus rektor til Åseral barne- og ungdomsskule. Åseral barne- og ungdomsskule har 110 elevar og 30 tilsette. Skulen har eit stabilt og utviklingsorientert personale som arbeider for eit trygt, inkluderande og læringsfremjande elevmiljø. Vi har ein inkluderande og støttande arbeidskultur der rektor får moglegheit til å utvikle seg og påverke skulen si retning. Skulen vår ligg idyllisk til i Kyrkjebygda, omgitt av vakker natur og med flotte fasilitetar og uteområde. På skulen vil du møte ein flott gjeng med elevar og eit positivt og framoverlent kollegium av lærarar og andre tilsette. Skulen har eit meget kompetent personale med høg profesjonsfagleg integritet og høge forventningar til ein praksis som fremjar elevane si trivsel og læringsutbytte. Skulen sitt satsingsområde dette året er dysleksivennleg undervisning. Det er eit svært godt arbeidsmiljø ved skulen. Rektor og 2 avdelingsleiarar utgjer skulen si leiargruppe. Rektor sit i kommunedirektøren si leiargruppe og er ein viktig bidragsytar når det kjem til den strategiske utviklinga av kommunen. Les meir om Åseral barne- og ungdomsskule her: https://www.xn--bus-tla.no/ 

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikling av skulen sitt faglege fellesskap rundt læringsoppdraget og det systematiske og målretta arbeidet for eit trygt og godt læringsmiljø
  • Vere ein synleg leiar som formulerer mål og forventningar for framtidas skule og har god gjennomføringskraft
  • Bidra til ein aktiv innovasjons- og delingskultur gjennom brei involvering i utviklingsprosessar
  • Drive systematisk og forskningsbasert kvalitetsarbeid i samarbeid med dei tilsette
  • Leie ei leiargruppe som mobiliserer dei tilsette sin kompetanse til beste for elevane si læring
  • Bygge skulen sitt omdømme og plass i lokalmiljøet i samarbeid med elevar, foreldre og tilsette
  • Sørgje for optimal ressursutnytting i samsvar med mål og forventningar

Kvalifikasjoner

  • Utdanning og formell kompetanse for grunnskule
  • Skuleleiarerfaring vil bli vektlagt
  • Skuleleiarutdanning er ønskjeleg
  • God kunnskap om, og interesse for bruk av teknologi og digitale læringsressursar i læringsarbeidet

    Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Vi er på jakt etter deg som alltid har barn sitt beste i fokus, og som ønskjer å bidra til at Åseral skal vere ein god stad å vekse opp for alle barn. Du må vere utviklingsorientert og har evne til å tenke nytt. Du må ha god innsikt i korleis du som leiar kan påverke dei tilsette sin praksis, og forsikre deg om kvaliteten i tenestene til barn og unge. Du har eit positivt elevsyn og utviklar ein kultur som gjer at alle elevar opplever tryggleik og tilhøyrigheit. Du har også vilje og evne til å vere pedagogisk og administrativ leiar for elevar, personale og føresette. Du må kunne motivere og utvikle ein felles kultur og forståing for viktigheita av å jobbe saman mot felles mål. Du er ein inspirator og har utprega samarbeidsevner, også på tvers av fagområda, samtidig som du tør å stå i vanskelege saker og behandle dei på ein god måte. Du arbeider strategisk og er samtidig tett på den daglege verksemda. Du har gode samarbeidsevner. Du er ein strukturert og målretta person, du er løysingsorientert og har stor arbeidskapasitet. Vi trur også at du har gode kommunikasjonsferdigheiter, skriftleg og munnleg, er beslutningsdyktig og har stor gjennomføringsevne. Men framfor alt er du ambisiøs på barn og unge sine vegne, og ønskjer å bidra til at alle barn og unge i Åseral blir den beste utgåva av seg sjølv, slik at dei kan delta aktivt i samfunns- og arbeidsliv som vaksne og ta gode val for seg sjølv og andre.

Vi kan tilby

  • Løn etter avtale.
  • Godt fagleg og sosialt miljø.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver.
  • Moglegheiter for vidareutdanning og leiarutvikling
  • Som ein kommune i sentralitetsklasse 6, kan vi gjennom ny ordning tilby nedskriving av studielån på inntil 25 000,- årleg.
  • Bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfagleg helse.
  • Kommunen kan hjelpe til å finne bustad i kommunen.
  • Gratis SFO og full barnehagedekning.

    https://flytttilåseral.no/ 

Kontaktinformasjon

Kåre Einar Larsen, Kommunedirektør

Arbeidssted

Bordalsbakken 10
4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 4945313982
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Åseral kommune orgnr: 975271633
Kort om arbeidsgiver Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. 
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Webside http://www.aseral.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted ÅSERAL (Adresse: Bordalsbakken 10 Postnr: 4540)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/090eed31-6868-4e99-ab42-b9b3e340694b
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31