Stillingsbeskrivelse

Published 03-12-2024
Deadline: 22-12-2025

 

100% vikariat som miljøterapeut ved Mjøstølen avlastningsbustad

100 % vikariat for miljøterapeut ved Mjøstølen avlastningsbustad, Odda 

På Mjøstølen avlastningsbustad yter me tenester til familiar med barn med særskilte behov. Vi yter også tenester til vaksne med særskilte behov. 

Vi er opptekne av at barna og familiane skal oppleve tryggleik når barnet er hjå oss. Arbeidet innebærer å skape gode og trygge rammer for barna støtte dei i kvardagslege aktivitetar, fysisk aktivitet og leik, samt følge opp individuelle behov og samarbeid med pårørande og andre instansar.
Arbeidet inneber også målretta miljøarbeid, utvikling og oppfølging av tiltak og prosedyrar, samarbeid med andre instansar, vasking av klede, matlaging, følge til og frå dagtilbod og andre faste rutinar. 

Me søkjer primært etter miljøterapeut til vikariatet, men me høyrer gjerne frå deg som har anna bakgrunn og interesse for faget og brukargruppa. Stillinga har pr.d.d. turnus med langvakter og arbeid kvar tredje helg, med lengre fri mellom kvar arbeidsperiode. Stillinga har Mjøstølen avlastningsbustad som base, men kan òg vere ein ressurs ut mot andre einingar i tenesta. 

Vikariatets lengde: oppstart frå januar 2025 og ut august 2025, med moglegheit for forlenging.

Hovudarbeidsoppgåver 

  • Målretta miljøarbeid 

  • Samarbeid med skule, spesialisthelsetenesta og pårørande 

  • Følge opp interne rutinar i samarbeid med leiar 

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø 

  • Legemiddelhandtering

 

Vi ser etter deg som 

  • har erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa 

  • har erfaring med vedtak etter kap 9 

  • er fagleg dyktig, engasjert og brenner for arbeidet du legg ned

  • har gode samarbeidsevner, er fleksibel og positiv 

  • likar å vere i fysisk aktivitet 

  • har god evne til å tenka konstruktivt og arbeide sjølvstendig

  • er stabil og personleg skikka til stillinga 

  • meistrar norsk skriftleg og munnleg 

 

Vi kan tilby 

  • Ein fagleg krevjande, spennande og lærerik jobb 

  • Opplæring og rettleiing 

  • Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer 

  • Lønn etter hovudtariffavtalen 

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen 

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår. 

 

Krav: 

● Politiattest 

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
«Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma orgnr: 923720820
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-12-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/78762815-5679-4251-bb30-5f0b2a97ccc1
IMPORTAPI