100% vikariat som inspektør i perioden 01.01.2025-31.07.2025 for tida ved Tokke skule – Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Education Instruktorer og pedagoger(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 13-11-2024
Deadline: 27-11-2024
100% vikariat som inspektør i perioden 01.01.2025-31.07.2025 for tida ved Tokke skule
Tokke kommune har ledig 100% stilling som inspektør på Tokke skule frå 01.01 — 2025 til 31.07 — 2025. Stillinga er eit vikariat.
Tokke skule:
1-10 skule med 166 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings — og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7. klasse.
Administrasjonsprosenten som inspektør er på om lag 80% i kombinasjon med omlag 20% undervisning.
Hovudoppgåver til inspektør vil blant anna vere å ha ansvar for vikarkabal, skriftleg eksamen og vil vere ein tett samarbeidspartnar i rektor sitt arbeid kring skulemiljø og utviklingsarbeid.
Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
-
Pedagogisk utdanning og undervisningserfaring
-
erfaring og utdanning innan leiing er ønskjeleg, men ingen krav.
-
Gode Ikt — ferdigheitar
-
Evne til å lede, inspirere og motivere.
-Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
-
Tar initiativ, jobbar systematisk, er strukturert og tydeleg.
-
Lyttande og inkluderande.
-
Være innovativ og nytenkande.
-
Evne til å skape gode relasjonar til både vaksne og tilsette.
-
Positiv, fleksibel og løysningsorientert
Me kan tilby:
-
Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
-
Ein spanande og variert kvardag saman med flotte vaksne og tilsette
-
Eit godt arbeidsmiljø
-
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved konstituert rektor Mona Seltveit,
tlf. 916 99 148, e-post: mona.seltveit@tokke.kommune.no
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 27.11.2024
Velkomen som søkjar!
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tokke Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974610124 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder. Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen. E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen. Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her. |
Webside | https://www.tokke.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Instruktører og pedagoger |
Sted | DALEN (Adresse: Storvegen 60 Postnr: 3880) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 27-11-2024 |