Stillingsbeskrivelse

Published 18-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

100% vikariat som fagsjukepleiar ved Eide helsetun

Bli ein viktig del av vårt nyåpna sjukeheim.
Ledig vikariat som dagtidsstilling som fagsjukepleiar – stillingsstorleik inntil 100 %, fordelt på 1 stilling.

Vil du vera ein nøkkelperson i eit nytt omsorgsprosjekt som kombinerer demensomsorg, moderne fasilitetar og eit engasjerende arbeidsmiljø? Vi søker ein dedikert fagsjukepleiar til vår nye sjukeheim. 

 

Som fagsjukepleiar får du engasjera deg, delta i utviklinga av nye avdelingar, og anledning for personleg vekst. Fritida kan du nytta i vakre Ullensvang med høve til friluftsaktivitetar og avslapning i det unike Hardanger-landskapet.

  • Vi søker ein erfaren og engasjert sjukepleiar til rolla som fagsjukepleiar, for medvirkning i utforminga av våre heilt nye avdelingar.

  • Eide helsetun er ein nybygd moderne, fremtidsretta sjukeheim med 31 plasser fordelt på tre etasjer. To med 12 plassar og en med 7 plassar. Vi skal drifte i fellesskap med eksisterende 32 omsorgsboligar. 

  • Som fagsjukepleiar jobbar du dagtid, med tett samarbeid med avdelingsleiar og øvrige tilsette.

  • Vi er organisert med ein verksemdsleiar, to avdelingsleiarar, to fagsjukepleiar, tilsynslege og ein gjeng med erfarne helsepersonell. Bemanninga består av sjukepleiarar – med og utan vidareutdanning, vernepleiar, helsefagarbeidarar – med og uten vidareutdanning, og assistentar.

  • Me legg stor vekt på fagutvikling for å utvikle tenestene våre.

  • Deling av kunnskap og kontinuerleg forbetring av tenestene gjennom stadig å auke kompetansen, er vårt varemerke.

 

Arbeidsoppgåver :

  • Klinisk sykepleiararbeid som skal utøves i tråd med gjeldende lov og forskrift.

  • Sjukepleier med fagansvar for Eide helsetun.

  • Bidra til tverrfaglig samarbeid

  • Samarbeide tett med anna helsepersonell og delegere oppgåver ut frå kompetanse.

  • Dagtidsstilling for ein god balanse mellom arbeid og fritid, med anledning for å nyta det Ullensvang og Hardanger har å by på.

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar

  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

  • Erfaring med arbeid med demente er ønskelig

  • Beherske dataverktøy og gode kunnskaper om journalssystem

  • Må beherske norsk skriftlig og muntlig minimum B2 muntlig og B2 skriftlig.

Personlege eigenskapar:

  • Må like å jobbe med eldre mennesker og ha interesse for fagfeltet

  • Ha gode samarbeidsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø.

  • Ansvarsbevisst

  • Ha evne og vilje til fleksibilitet, løysingsorientert og kreativ.

  • Sjå mogelegheiter og løysingar 

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Spennande arbeid

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Med bindingstid får ein eit tillegg 1. og 2. år.

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Her er det lønn etter avtale- se på LPP- lønnspolitikk plan 

  • Kommunnen kan hjelpa med bustad første 3 månader.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
«Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Eide helsetun orgnr:
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/96b09300-3651-42ab-adc0-60fd77e68ac5
IMPORTAPI