Stillingsbeskrivelse

Published 06-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

100% stilling som sjukepleiar ved Røldal pleie og omsorg

100% fast stilling som sjukepleiar ved Røldal Pleie og Omsorg

 

Om arbeidsplassen:

Røldal er ei vakker fjellbygd i Ullensvang kommune. Om du er glad i friluftsliv og vinteraktivitetar som alpint og langrenn, kan dette vere den rette staden for deg.

Me søkjer no ein engasjert sjukepleiar til heimetjenesta i Røldal. Tenesta inkluderer heimebuande og bebuarar i omsorgsbustader, og omfattar også dagleg ansvar for to bebuarar i eit mindre bufellesskap. Alle tenester er samla i nesten eit kompakt område i Røldal bygda, der tilboda ligg tett ved kvarandre. Heimetenesta har basen sin i bygget som tidlegare fungerte som institusjon, og omsorgsbustadane plus bufellesskapet ligg nær kverandre. Heimesjukepleien i Røldal yter tenester til ca. 30 brukarar, og me strebar etter at brukarane skal oppleve respekt, tryggleik og forutsigbarheit i tenesta, samtidig som me legg vekt på sjølvstende og meistring. Heimesjukepleien skal yte lovpålagde tenester til brukarar i alle aldrar, sjølv om dei fleste brukarane er eldre med varierte behov. Stillinga har i utgangspunktet arbeid kvar 3. helg.

 

Hovedarbeidsoppgåver:

  • Som sjukepleiar vil du ha eit fagleg ansvar for drifta av heimesjukepleien i Røldal, saman med avdelingsleiar. Du vil også ha ansvar for å sikre fagleg forsvarlegheit og vere ein aktiv pådrivar for å vurdere nye metodar og tiltak.
  • Ansvar for sjukepleiefagleg observasjon, tiltak, miljøarbeid og oppfølging av brukarar
  • Sikre forsvarlege pleie- og omsorgstenester, og at oppgåvene vert utførte i samsvar med kvalitetskrav og lovverk
  • Ha ansvar for legemiddelhandtering
  • Veilede medarbeidarar og studentar
  • Sikre at nødvendige prosedyrer og rutinar er utarbeidde
  • Tilretteleggje og koordinere tenestene i samarbeid med brukarar, og sikre brukarmedverknad
  • Samarbeide tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre instansar
  • Det er ein fordel om du har kompetanse på utviklingshemming og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Erfaring med pedagogisk støtte og rettleiing for både bebuarar og medarbeidarar er òg eit pluss.

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning såsom vernepleier
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Personlege eigenskapar:
  • Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og bevisst på sitt ansvarsområde

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter hovudtariffavtalen
  • Rekrutteringstillegg og tillegg for sjukepleiar/vernepleiar
  • Tilleggsbetaling for sjukepleiar i turnus på kr 25 000 i tillegg til tariffløn. Vidare vert rekrutteringstilskot gitt i form av stipend til nytilsette vernepleiarar og sjukepleiarar. Etter 1 års teneste vert det utbetalt kr 30 000, og etter 2 år på ny utbetalt kr 30 000.
  • Me er behjelpelege med å skaffe bustad og dekkjer inntil kr 7 500 pr/mnd i husleige dei første 3 månadane
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune er ein IA-verksemd med fleksibel arbeidstid, gode permisjons- og pensjonsvilkår
  • Me hjelper deg med å finne barnehageplass og tilrettelegg for fritidsaktivitetar tilpassa dine interesser
  • Eit godt og trygt arbeidsmiljø

 

Krav:

  • Politiattest
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Sjukepleiarar under norsk språkopplæring kan bli vurderte.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
«Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg orgnr:
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/06743974-837a-4053-b216-7d91492e4b20
IMPORTAPI