100% stilling som sjukepleiar ved Legetenesta – Ullensvang kommune Legeteneste
Health and social care Sykepleier(15 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 06-11-2024
Deadline: 21-12-2024
100% stilling som sjukepleiar ved Legetenesta
Vi har ledig 100% stilling som sjukepleiar i Legetenesta.
Stilling delast mellom Kinsarvik Legekontor ca 83% og Ullensvang legevakt ca 16%.
Vi søkjer deg som vil bidra til gode helsetenester til våre pasientar.
Ullensvang Legevakt er ansvarleg for nødvendige helsetenester for dei innbyggjere som til ein kvar tid oppheld seg i Ullensvang Kommune. Legevakta er oppdelt i sentral og stasjon, der legevaktsentralen er drifta avHelse Fonna HF. Legevakten er ansvarleg for beredskap og respons i situasjonar som fell utanfor fastlegekontoras åpningstider.
Ved Kinsarvik legekontor er det dagtidsarbeid, arbeid ved legevakta er kvar 4. helg
Detta er ei spanande stilling for den rette personen!
Arbeidsoppgåver:
-
Telefon/ ekspedisjon, vurdering av hastegrad (triagering)
-
Korrespondanse
-
Blodprøvetakning, laboratoriearbeid og generelle sjukepleier oppgåver
-
Assistera legane ved behov
-
Veileda og gje råd til pasientar
-
Ivareta dokumentasjonsplikt og kvalitetssikring av tenesta
Personlege egenskaper:
-
Fleksibel, strukturert og effektiv
-
Løysingsorientert og bidragsytar for å skape gode tenester
-
Godt humør og positiv innstilling
-
Gode samarbeidsevner, samt evne til å arbeida sjølvstendig.
-
Gode kommunikasjonsevner, er reflektert og har evne til å skape gode relasjoner
-
Må beherske norsk skriftleg og munnleg, minimum B2 nivå
-
Resultatorientert og bevisst på kvalitet i tenesta
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Kvalifikasjoner for stillingen:
-
Bachelor i sjukepleie.
-
Erfaring frå legetenesta, eller anna relevant praksis er ein fordel
-
Kunnskap i bruk av IKT verktøy
-
Må beherska norsk skriftlig og muntleg, minimum B2 nivå
-
Du må framlegga politiattest, denna kan ikkje vera eldre enn 3 månader
Ullensvang Kommune kan tilby:
-
Eit variert arbeid med faglege utfordringar
-
Eit godt arbeidsmiljø
-
Gode pensjons,- og forsikringsordningar
-
Fleksibilitet
-
37,5t pr veke
-
Dagtid, arbeid kvar 4. helg
-
Ein har gode vilkår for både nyutdanna sjukepleiar, og godtgjørelse ved bindingstid.
-
Rekrutteringsavtale for nyutdanna sjukepleiarar:
-
-
kr. 30000 etter 1 år
-
kr. 30000 etter 2 år
-
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
«Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO