100% stilling som saksbehandlar, for tida ved Lom og Skjåk tildelingskontor – Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 03-07-2024
Deadline: 11-08-2024
100% stilling som saksbehandlar, for tida ved Lom og Skjåk tildelingskontor
Tildelingskontoret søkjer etter saksbehandlar i 100% stilling frå 01.09.2024.
Lom og Skjåk tildelingskontor har ansvar for saksbehandling i samband med forvaltning av pleie- og omsorgstenester i Lom og Skjåk. Tildelingskontoret er ofte det fyrste møte for innbyggjarar som har spørsmål om helse og omsorgstenester. Vi er opptekne av at møta mellom oss som arbeider i kommunen, og dei som treng vår bistand, skal vere så gode som mogleg. Alle skal sikrast individuell vurdering med utgangspunkt i den einskilde sine ressursar.
Innbyggjarar som vender seg til tildelingskontoret har ulike behov. Nokre har behov for helse og omsorgstenester store delar av sitt liv, medan andre for ein kortare periode. For oss er det viktig å utvikle tenester der vi finn gode løysingar i fellesskap. Kommunen sine innbyggjarar skal ha likeverdige tenester og kunne bu trygt i eige heim lengst mogleg. Vi skal tilby råd, rettleiing og tenester som gjev høve til å meistre sitt eige liv.
Tildelingskontoret er organisert i kommunalsjefområdet Helse og omsorg. Kontoret består av to saksbehandlarar i 100% stillingar og ein saksbehandlar med ansvar for vederlagsberekning i 30% stilling. Koordinerande eining er lagt til tildelingskontoret med ansvar for tildeling av koordinator for individuell plan og tildeling av barnekoordinator. Tildelingskontoret har rettleiingsansvar for koordinatorar.
Det er kort avstand mellom dei ulike tenestene. Dette bidreg til eit tett tverrfagleg samarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Koordinerande eining
- Saksbehandle søknader om ulike helse og omsorgstenester etter helse- og omsorgstenestelova.
- Saksbehandle søknader om parkeringstillatelse og ledsagerbevis
- Saksbehandlinga skal balansere forventningane frå brukarar og pårørande, omsynet til forsvarlege helse og omsorgstenester, politiske vedtekne rammer og forventningar frå tilsynsmyndigheiter
- Tverrfagleg samarbeid
- Samarbeid og deltaking knytt til ulikt utviklingsarbeid, både på tvers i kommunen og med eksterne samarbeidspartar både på individ- og systemnivå
Kvalifikasjonar
- Krav om relevant 3-årig høgskuleutdanning eller høgare utdanning
- Godkjent politiattest
- Førarkort klasse B
- Grunnleggjande digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg – kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskrav.
Vi ønskjer at du
- har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner og god skriftleg framstillingsevne
- er publikumsorientert og serviceinnstilt
- kan arbeide sjølvstendig
- har erfaring frå saksbehandling
- har erfaring frå praksisfeltet
- har god kunnskap om lovverk som regulerer tildeling av helse- og omsorgstenester
- har kjennskap til IPLOS og relevante kartleggingsverktøy
- har kjennskap til, og forståing for helsejuss. Det er ønskjeleg at saksbehandlar tek vidareutdanning innan helsejuss.
- er nysgjerrig, nytenkande, løysingsorientert, og at du tykkjer det er spanande med digitale verktøy og ny teknologi i ei teneste som er under stadig utvikling
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Spørsmål kan rettast til
Kommunalsjef Inger Helene Brandsar mobil 90123165.
Søknadsfrist 11. august 2024
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Skjåk Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974595532 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt. |
Webside | https://www.skjaak.kommune.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | SKJÅK (Adresse: Moavegen 30 Postnr: 2690) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-09-2024 |
Søknadsfrist | 11-08-2024 |