Stillingsbeskrivelse

Published 03-12-2024
Deadline: 22-01-2025

 

100% stilling som rådgjevar vedEigedom og miljø

100% stilling som rådgjevar ved Eigedom 

Ledig fast stilling som rådgjevar – stillingsstorleik 100 % 

Eigedom og miljø er organisatorisk er lagt under kommunalsjefsområde Teknikk og miljø. Særtrekk ved eininga er at det er høgt tempo med mange ulike oppgåver som skal løysast.

Eigedomsforvaltninga sine hovudoppgåver kan oppsummerast slik: 

Forvaltning av kommunens eigedomsportefølje, avtalar om kjøp/sal, utbyggingsavtalar, internkontroll, ansvar for rutinar, reglement, forskrifter, avtalar, merkantile oppgåver og risikostyring i tillegg til sakshandsaming og tilrettelegging for tverrsektoriell samhandling. FDV, internkontrollsystem, rapportering mot offentlege mynde, sakshandsaming, politiske sakar, miljøfokus, felles driftssystem/dataverktøy for andre intern brukarar i Ullensvang kommune, budsjettoppfølging og juridisk- kompetanse. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Forvaltning av kommunen sin eigedomsmasse 
  • Kjøp og sal av eigedommar 
  • Utarbeiding av avtalar 
  • Kontraktsoppfølging/- regulering 
  • Oppfølging av leigeavtaler/festeavtalar 
  • Bistå eininga med juridiske avklaringar 
  • Rådgje ved spørsmål retta mot avtalar 
  • Svare på førespurnader/telefonar frå innbyggarar og andre 
  • Saman med andre finne eigna lokale til kommunale tenester 
  • Rådgje inn i arbeidsgruppa for utbyggingsavtalar. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ynskte kvalifikasjonar: 

  • Bachelor i juss eller rettsvitenskap, eigendomsforvaltar kompentanse eller anna relevant utdanning. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning. 
  • Gode digitale ferdigheiter 
  • Allsidig erfaring innafor fleire av kulepunkta nemnd under arbeidsoppgåver 
  • Brei praksis frå kommunal forvaltning på ulike områder 

 

 

 

 

Personlege eigenskapar: 

  • Omgjengeleg og raus 
  • Ser på seg sjølv som viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Har erfaring i å samhandle med mennesker. 
  • Kunne sjå samanhengar mellom oppgåver i tid og kompleksitet
  • Ha gjennomføringsevne/kraft 
  • Gode samarbeidsevner 

 

 

 

 

Ved tilsetjing vert personlege eigenskapar vektlagt.

 

Me tilbyr: 

  • Varierte arbeidsoppgåver 
  • Spennande arbeid 
  • Lønn etter avtale 
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen 
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår. 

 

 

 

 

 Krav: 

  • Sertifikat klasse B 
  • Meistre norsk språk godt, både muntleg og skriftleg.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
«Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Eigedom og miljø orgnr:
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse- og miljørådgivere
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b7e62dab-df36-4882-904d-a5fc2436d4da
IMPORTAPI