Stillingsbeskrivelse

Published 17-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

100% stilling som miljørettleiar ved verksemd for inkludering, avdeling flytningetenesta

Verksemd for inkludering, avdeling flyktningtenesta ledig fylgjande stillingar:

1 fast 100% stilling som miljørettleiar

 

Arbeidsoppgåver:

  • Vera kontaktperson og koordinera tenester til busette flyktningar

  • Sakshandsaming etter kommunale retningslinjer for flyktningarbeid

  • Heilskapleg oppfylging med fokus på livssituasjon, familie- helse og økonomi

  • Sosialfaglege oppgåver knytt til oppfølging av dei busatte. Dette vil inneber mellom anna bistand til praktiske oppgåver, heimbesøk, koordinering i forhold til avtalar med andre samarbeidsinstansar 

  • Kartlegging og tiltak knytt til borna sine levekår og oppvekstmiljø.

  • Oppfylging av tilskotssaker

  • Andre oppgåver kan verta lagt til stillinga.

 

Kvalifikasjonskrav

  • Sosialfagleg høgskuleutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar. Helsefagleg eller pedagogisk utdanning på høgskulenivå med relevant erfaring eller tilleggsutdanning kan vurderast.

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, Stillinga inneber skriftleg arbeid som til dømes formelle rapportar og vedtaksskriving som krev at ein kan norsk flytande både muntleg og skriftleg.

  • Førarkort, minimum klasse B

  • Med bakgrunn i arbeidsoppgåvene er det naudsynt at den som vert tilsett har god psykisk helse.

 

Det er ønskeleg at den som søkjer har erfaring frå sakshandsaming i offentleg sektor, eksempelvis innanfor NAV, barnevern, tildelingskontor eller flyktningteneste.

Erfaring frå tilsvarande arbeid eller anna relevant flyktningarbeid kan kompensera for deler av utdanningskravet.

Det er ein fordel om du har kjennskap til fagsystem som Visma Unique Flyktning og  at du har fleirkulturell kompetanse.

Det er krav om politiattest frå personar som i sitt arbeid er i kontakt med barn, ungdom, brukarar og pasientar, – i henhold til lovheimel som gjeld for stillinga.

Personleg egnethet vil bli vektlagt

 

Me søkjer deg som:

  • Har interesse for integreringsarbeid.

  • er god til å samarbeide med både interne og eksterne samarbeidspartar

  • er positiv, fleksibel og engasjert

  • er god på å bygge relasjonar, og toler frustrasjoner

  • kan setja deg inn i komplekse problemstillingar

  • Likar utfordringar og har evne til å arbeide systematisk og målretta

  • Bidreg aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø

  • Har gode datakunnskaper med evne til å arbeide systematisk og ryddig

Den som vert tilsett må pårekna noko arbeid på ettermiddag/ kveld.

Personlig egnethet vil bli vektlagt. 

 

Me tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Eit arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving i form av kurs, studieturar og vidareutdanning

  • Lønn etter hovudtariffavtale

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Arbeidsstad: Kinsarvik, men oppgåver i heile kommunen må påreknast.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
«Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Inkludering orgnr: 824324212
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/78fa9bff-a956-42bf-8f05-17b94558de25
IMPORTAPI