100% fast stilling som IKT rådgjevar – Eidfjord Kommune Sentraladministrasjon

IT Utvikling

(1 uke siden)

  • EIDFJORD
  •  Lagt til dato: 15. april 2025
  •  Expire date: 8. mai 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 15-04-2025
Deadline: 08-05-2025

100% fast stilling som IKT rådgjevar

Om stillinga

Eidfjord kommune har ledig fast stilling i 100 % som rådgjevar IKT. Stillinga inngår som ein av 2 stillinger i IKT-avdelinga.

Eidfjord kommune har eit nært IT samarbeid med Ulvik og Kvam kommunar basert felles Tennant, Intune, Entra, VM, Microsoft og Veeam servermiljø. IT har ansvar for drift og utvikling av kommunen sin infrastruktur og utstyr med nærare 1000 einingar.

Tilsette i kommunen nyttar Microsoft 365 produkta som basis arbeidsverktøy. Auka digitalisering går føre seg i alle sektorane, og IT vil ha ei sentral rolle i digitaliserings arbeidet med å gje råd, planleggja, tilretteleggja og fylgja opp einingane si digitale utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, planleggjing og tilretteleggjing av kommunen og einingane sine behov. Vurdera implementering av sentrale føringar frå stat, KS, Helsecirt, NSM. m fl

  • Digitalisering og tilpassa IT-løysingar

  • Sikre stabil IT-drift og brukarstøtte

  • Bidra til at tenestene nyttar digitale løysingar

  • Ivareta informasjonstryggleik

  • Forvalta IT-system portefølje

Ynskte kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan IT eller liknande (relevant erfaring kan kompensera for utdanning)

  • God forståing for IT-infrastruktur og tryggleik

  • Gode evner til å tileigna seg dybdekunnskap om behov og vurdera løysingar

  • Gode samarbeidsevner

  • Førarkort klasse B

Me tilbyr

  • Ei utfordrande stilling med faglege utviklingsmogelegheiter

  • Forma framtidas digitale tenester i Eidfjord kommune

  • Eit godt arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid

  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Konkurransedyktige vilkår og løn etter avtale

  • God pensjonsavtale (KLP)

  • Eidfjord er ein av kommunane du kan søkja om nedskriving av studielån

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som til einkvar tid fylgjer av gjeldande lover og tariffavtalar.

Tilsetjingsvilkår

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Anna info

Arbeidsspråk er nynorsk.

Arkivsak nr.: 25/603

Velkomen som søkjar!

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eidfjord Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974577321
Kort om arbeidsgiver

Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal me levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.

Webside https://www.eidfjord.kommune.no/
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted EIDFJORD (Adresse: Simadalsvegen 1 Postnr: 5783)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 08-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/12841f75-394f-49bc-aff1-a3c352de93d1
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31