100 % fast stilling som fagarbeidar – Voss herad Park og idrott

Industri og produksjon Maskinteknikk og mekanikk

(21 timer siden)

  • VOSS
  •  Lagt til dato: 29. oktober 2024
  •  Expire date: 20. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 29-10-2024
Deadline: 20-11-2024

 

100 % fast stilling som fagarbeidar

Om arbeidsstaden

Park og Idrott har ansvar for å drifta og vedlikehalda kommunale eigedommar i Voss herad.

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Kvalifikasjonar: 

  • Fagbrev som landbruksmekanikar/mekanikar/maskinførar, eller anna relevant fagutdanning.

  • Lang relevant erfaring kan kompensera for fagbrev
  • Må ha førarkort kl B, BE, og T
  • Maskinførarbevis er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 

  • Gode IT kunnskapar er ein fordel
  • Ynskje om truckkurs og liftkurs, men ikkje krav

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer deg som: 

  • Er god på samarbeid
  • Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
  • Er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene

Arbeidsoppgåver: 

  • Vedlikehald, reparasjonar, service av avdelinga sitt utstyr og maskinpark
  • Delta i anna førefallande arbeid ved avdelinga ved behov
  • Vaktordning brøyting/strøing kan vere aktuelt
  • Utføra mindre serviceoppdrag for andre

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Park og idrott orgnr: 973951106
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted VOSS (Adresse: Uttrågata 9 Postnr: 5700)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9ba0670e-78a3-4afb-a5e2-f7d4c51dd097
IMPORTAPI