100 % engasjement som fagarbeidar ut skuleåret 2024/ 2025 – Valle skule, Valle kommune
Carpenters Rorlegger(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 20-11-2024
Deadline: 08-12-2024
100 % engasjement som fagarbeidar ut skuleåret 2024/ 2025
Er du ein barne- og ungdomsarbeidar med godt humør og stå på – vilje?
Då treng vi deg i Valle skule! Valle skule er ein 1-10 skule midt i Setesdal med ansvar for vaksenopplæring i tillegg til grunnskule. Skulen har 104 elevar fordelt på ei klasse på kvart trinn. Vi har god vaksentettleik, underviser som to-lærarsystem, har eige læringsverkstad for begynneropplæringa. Vi legg vekt på inkluderande praksis og har fokus på tverrfagleg samarbeid. Skulen har eige sykkelverkstad, bakstrerom, skulekjøkken, tresløydsal og er knyta tett på kommunen sin idrettshall/symjehall.
Vi har behov for fagarbeidar i 100% engasjementstilling.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføring av pedagogiske aktiviteter i samarbeid med faglærer
- Oppfølging av enkeltelever og mindre grupper
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderende lærings- og skulemiljø for alle
- Delta aktivt i det profesjonelle læringsfellesskapet og skulens utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid for å bygge laget kring barnet
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innenfor barne- og ungdomsarbeiderfaget eller annet relevant fagbrev
- Arbeidserfaring innenfor barne- og ungdomsarbeiderfaget
- Erfaring med å arbeide med barn/ ungdom
- God språkleg dugleik, munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du er god til å bygge gode relasjonar og skape eit trygt og godt læringsmiljø
- Du har gode samarbeidsevne og bidrar aktivt til utvikling av skulen som arbeidsplass for elevar og tilsette
- Du er engasjert og ambisiøs
- Du er løysingsorientert og kan stå i krevjande situasjonar
- Du tåler endring i ein hektisk kvardag
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med tariff
- Bedriftsleiligheit i Kristiansand
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage og SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår.
- Full kulturskuledekning
- Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider
- Ei triveleg bygd å bu i
Viktig for søknaden din:
- CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
- Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
- Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Janne Nystøl, Rektor/einingsleiar, +4798066678, janne.nystol@valle.kommune.no
Arbeidsstad
Harstadvegen 69
4747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommune
Referansenr.: 4887898674
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 08.12.2024
DIVERSE INFO