100 % engasjement barne- og ungdomsarbeidar – Bokn kommune Oppvekst
Education Barnehage og skolefritidsassistenter(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-01-2025
Deadline: 17-01-2025
100 % engasjement barne- og ungdomsarbeidar
Me har ledig eit engasjement 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå og med snarast tom 14.08.25.
Bokn barnehage
Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 40 barn og 14 tilsette.
Barnehagen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av skule, bibliotek og kommunehus. Me har kort veg til sjø, skog og
mark, og det gjer at me ofte er på tur her.
Barnehagen har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse.
Me er med i eit regionalt nettverk saman med andre kommunar, og tilsette får delta jamleg i nettverk med Karmøy-barnehagane.
Barnehagen er i startfasen på eit arbeid med inkluderande leikemiljø samstundes som det vert
jobba med verdiane i læringsmiljøsenteret sitt program «vere saman».
Kven ser me etter?
Me søkjer ein trygg, varm, utadvent og leiken person som er god på relasjonar med både born og vaksne.
Du er engasjert på borna sine vegne, og opplever arbeid med born som meiningsfylt, viktig og engasjerande.
Du må vere fleksibel, kunne «ta ting på sparket», gå inn i alle typar oppgåver og delta i dei daglege aktivitetane.
Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidet ditt, og du kan både gi og ta i mot rettleiing.
Barnehagen er mykje ute på turar, og naturen er ein del av vår leikeplass.
Du må derfor vere glad i vere ute, og har du eit ekstra engasjement for natur, miljø og berekraft blir me veldig glade.
Kanskje har du nokre skjulte talent eller interesser som du ønsker å bruke i din arbeidsdag? Fortel oss gjerne om desse!
Kompetansekrav
– godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
– erfaring frå arbeid i barnehage
– beherske norsk på eit godt nivå, bestått språktest B2
– beherske digitale verktøy
Som arbeidsgivar kan me tilby
– lønn etter tariffavtale
– moglegheit for personleg og fagleg utvikling
– medlemskap i offentleg pensjonsordning
Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no «ledige stillingar»
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Søknadsfrist 17.01.2025 Utlyst dato 03.01.2025
Kontaktperson
Kate Åse Helgø, Barnehagestyrar, tlf: 48254428, kate.ase.helgo@bokn.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO