Ynskjer du å arbeide med oss sommaren 2025? – Høyanger kommune Tenesteområde helse og omsorg
Health and social care LPN (nurse)(2 days ago)
Job Description
Published 26-12-2024
Deadline: 01-02-2025
Ynskjer du å arbeide med oss sommaren 2025?
Vi treng ferievikarar innan tenesteområdet helse og omsorg. Vi har ledige ferievikariat ved desse einingane:
- Institusjonstenesta (Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim)
- Open omsorg (Høyanger, Lavik og Sørsida)
- Bu- og miljøtenesta Høyanger og Lavik
- Sentralkjøkken
Vi treng vikarar i tidsrommet medio juni til medio august med hovudvekt på juli månad. Søkjarar som kan arbeide minimum 6 veker samanhengande vil verte prioriterte. Det er difor viktig at du opplyser om dette i søknaden.
Vi treng følgjande stillingsgrupper:
Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, sjukepleie/vernepleiestudentar, miljøarbeidarar, heimehjelp og assistentar. For stillingar innan sjukeheimar, open omsorg og bu- og miljøtenesta
er arbeidstid i turnus med arbeid minimum 3.kvar helg.
Vi kan tilby god og trygg opplæring før oppstart. Du må være fleksibel, ha gode samarbeidsevner, kunne arbeid sjølvstendig og beherske norsk muntleg og skriftleg.
Søkjarar til open omsorg må ha førarkort kl. B (fortrinnsvis manuell gir).
Politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Løn etter tariff. Sjukepleiar og vernepleiarstudentar vert løna utifrå kor langt ein er kome i studiet.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO