Ynskjer du å arbeida som helsefagarbeidar ved Voss sjukeheim? – Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga
Health and social care LPN (nurse)(2 weeks ago)
Job Description
Published 11-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Ynskjer du å arbeida som helsefagarbeidar ved Voss sjukeheim?
Om arbeidsstaden
Område Vest er lokalisert på Voss Sjukeheim. Det er gangavstand frå sentrum og togstasjonen.
Avdelinga med ledige stillingar er ei langtidseining med 35 bebuarar delt på 3. og 4. etasje. Turnus med langvakter er 4. kvar helg. Ein har stor moglegheit for å påverka eigen arbeidsrotasjon.
Me tilbyr
- individretta tenester der me sett brukarane våre i sentrum og ynskjer å styrke brukarmedverknaden
- gode vilkår for fagleg utvikling eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- årsturnus som gjev deg ei føreseieleg arbeidstid
- inkluderande arbeidsmiljø, samarbeid med fleire yrkesgrupper for å gje våre brukarar trygge og kvalitetssikra tenestar i alle ledd
Kvalifikasjoner
- Autorisert hjelpepleiar/omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon. Gjerne med vidareutdanning innan akutt, geriatri, palliasjon eller anna relevant videreutdanning
- Du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse.
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver
- Heilheitleg pleie, omsorg og behandling av bebuarar i sjukeheim
- Utføre arbeidsoppgåver i tråd med rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
- Medansvarleg for å laga, oppdatere og følge opp tiltaksplanar i pasientjournalsystem
- Primærkontaktansvar etter rutine
- Medansvar for avgjersler som blir tatt når det gjelder korleis vi skal ha det i avdelingane, til dømes rutinar, internopplæring, bruk av hjelpemidlar og lignande
- Ansvarleg for å holde seg fagleg oppdatert
- Opplæringsansvar i avdelingen, til dømes nytilsette
- Delta på dei kurs, møtar, undervisningsopplegg og lignende som har relevans for arbeidsområdet og ellers søka å utvida sine kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
- Du kan delegere og administrere oppgåver
- Du kan bidra til eit positivt, utviklande og spennande fagleg miljø i eininga
- Medansvar for et godt og inkluderande arbeidsmiljø i avdeling
- Vere ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene
Det er krav om politiattest ved tilsetjing
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO