Ynskjer du å arbeida som assistent i Voss herad? – Voss herad Vossestrand omsorgstun
Health and social care Andre helseyrker(15 hours ago)
Job Description
Published 28-11-2024
Deadline: 01-02-2025
Ynskjer du å arbeida som assistent i Voss herad?
Tilsetjinga skjer snarast og fortløpande i perioden
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Vossestrand omsorg har behov for vikarar som kan hjelpe med helg og kveldsarbeid.
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, elevar, studentar og assistentar er oppmoda om å søkje.
Tilsetting skjer undervegs. Det vert gitt god opplæring i forkant. Du må vere over 18 år og bilsertifikat er ein fordel.
Om avdelinga:
Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum.
Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar.
Arbeidsoppgåver:
-
heilheitleg pleie og omsorg av våre bebuarar
- turnusarbeid med kveld og helgearbeid
Me ynskjer:
- deg som er interessert i eldreomsorg
- deg som ynskjer å utdanne deg i faget – me hjelper på vegen
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- godt arbeidsmiljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO