Vil du vere med å gjere ein forskjell? Har du eit brennande hjarte for våre små barn? – Hjartdal kommune Oppvekst og kultur
Education Førskolelærer(2 days ago)
Job Description
Published 17-09-2024
Deadline: 06-10-2024
Vil du vere med å gjere ein forskjell? Har du eit brennande hjarte for våre små barn?
Hjartdal barnehage er ein 1-6 års avdelingsbarnehage med nyrenovert lokale. Barnehagen organiserast i liten og stor base og held til i kyrkjekrinsen i Hjartdalsbygda. Styrarfunksjonen her er delt mellom 60% administrasjon og 40% arbeid på avdeling.
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for å følge opp og utvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen i tråd med nasjonale og lokale føringar
- Økonomiansvar for barnehagens budsjett
- Personalansvar
- Samarbeid med føresette
- Administrative oppgåver
- Samarbeid og samhandling med tenester knytt til oppvekst
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Barnehagelærarutdanning
- Styrarutdanning er ønskeleg, men ikkje eit krav.
- Erfaring som pedagogiskleiar/leiar er ønskeleg
- Oppdatert på nyare forsking innanfor barnehagefeltet.
- God relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner.
- Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar:
- Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel, kreativ og ha barn i fokus.
- Du må ha god arbeidskapasitet, handlekraft og gjennomføringsevne.
- Du må vere innovativ og endringsvillig
- Du må vere engasjert og positiv, samt vise initiativ
Vi tilbyr:
- Løn etter avtale
- Eit godt arbeidsmiljø der kommunen har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
- God pensjonsordning.
Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du – hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
- Prøvetida di er på 6 månadar.
- Det er krav om politiattest jf. Barnehagelova § 30.
- Det blir lagt stor vekt på at du er personleg eigna for stillinga
Ved intern tilsetting kan det bli ledig pedagogstilling i kommunen.
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?
Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO